Prosapoetisk tapshistorieÅ skrive tilgjengelege dikt er ein prisverdig ambisjonDiktUnnveig Aas:Vi var
Å skrive tilgjengelege dikt er ein prisverdig ambisjon.
Unnveig Aas er musikar i tillegg til å vere forfattar.
Foto: Flamme Forlag
Episodar og situasjonsriss med ein eller annan snurrig eller tragisk vri dannar reisverket i diktboka Vi var enige om noe av Unnveig Aas. Tidvis kan framstillingsforma likne dagbokas raske og skisseliknande noteringar. Daglegdagse og meir ekstraordinære hendingar vert her uttrykte i nokolunde same gir og stemningsleie, i ein prosapoesi der røysta, ikkje bileta, er berande element.
Amalie Skram-inspirert
Eget vert i diktboka kasta mellom tre ulike polar som dikta flettar saman. Den eine polen er tapshistoria, farens sjukeleie. Den andre dreier seg om sjalusi og om kjærleik som ikkje vert gjengjeld. Dessutan dukkar spreidde referansar til Amalie Skrams brev opp. Amalie Skram, som mellom anna forlèt mann og barn til fordel for ein annan, fungerer i dikta som førebilete og diskusjonspartnar til trøyst, rettleiing og oppbygging.
Fordi det er tap på alle frontar her, gjeld det å herde seg, og Skram-referansane styrkar eget. Nederlaget er ikkje eit fullbyrda faktum, lengten er konstant og vert ernært av ørsmå håp. Det unge og vesle eget vert stilt overfor livets store spørsmål, og når ho svarar på dei, er det med utgangspunkt i kvardagen, eige liv og medvit. Det verkar kanskje fåfengt å syne den dødssjuke, sengeliggande faren dei nykjøpte støvlettane, men det er eit uttrykk for at ein i slike situasjonar ikkje veit kva det rette er. Det er også i tråd med den litt keitete stilen dikta dyrkar, som vekslar mellom ein sårbar og ein kjekkasaktig tone.
Litt for snakkesalig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.