Profetisk reinskrapaSonja Nyegaard har skrive ein krevjande og lovande endetidstale.DiktSonja Nyegaard:

Sonja Nyegaard har skrive ein krevjande og lovande endetidstale.

Sonja Nyegaard er nominert til Ungdommens kritikerpris 2019 for denne diktsamlinga.
Sonja Nyegaard er nominert til Ungdommens kritikerpris 2019 for denne diktsamlinga.
Publisert

Sonja Nyegaard brukar eit ope språk i dikta sine, det vil seie at orda ikkje vert presisert i særleg grad. Det vert understreka av at landskapa er audslege og reinskrapa, her finst heller nesten ingen rekvisittar. Med få markørar og orienteringspunkt er det vanskelege å plassere dikta i tid og rom, men det gir samstundes dikta assosiasjonsrom og plass til lesaren. Det er som om dikta gjer reint bord, freistar starte på nytt, lade orda frå botnen.

Eit feste

All uvissa som finst i dikta, vert kasta attende på lesarane og tvingar dei til å leite etter eit feste. Og feste finst. Gjennom ord som «lys», «mørke», «jord», «himmel», «sola», «åpenbaring», «stjerner» og «synd», som paraderer i dikta, er det som om lesaren står ovanfor eit elementærspråk, eller ord som verkar rotfesta i noko grunnleggjande i kulturen vår. Ikkje berre tittelen på boka, men også eksplisitte spor frå bibel- og salmetekstar gjer at dikta lett pådreg seg religiøse assosiasjonar.

Religiøst

Jamvel om dikta til Nyegaard på modernistisk vis er fragmenterte, er dei sjølve opptekne av den menneskelege språklegginga av omgivnadane, og dei betraktar især den religiøse eller vitskaplege grunnforteljinga om det utvalde mennesket som eit problem. Dei religiøse førestillingane plasserer mennesket på ein suveren plass i universet, men dei inneheld også forteljingar om overmot, omvending og undergang. Og det er nett katastrofehinta, som til dømes «men hvor langt er det igjen/ om jeg tør spørre/ før drevet ryker/ og hver hengsel setter alt på spill», som gjer det lettare å plassere dikta inn i ein økokriseridd notidssamanheng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement