Teater
Prisutdeling og live allkunstteater
Sparket mot familiekonvensjonar er fargerikt, men er det teater?
Ibsenprisvinnar Taylor Mac i framsyninga si.
Foto: Nationaltheatret
Sist laurdag vart altså Den internasjonale Ibsen-prisen, som den norske regjeringa etablerte i 2008, overrekt virtuelt frå Nationaltheatret til New York i ei livesending. Anne Lindmo innleidde prisutdelinga i ein times program saman med komitéleiar Ingrid Lorentzen og teatersjef Hanne Tømta.
Det vart mykje panegyrikk tileigna vinnaren, den overmåte mangesidige kunstnaren Taylor Mac, som er både skodespelar, dramatikar, dragartist, songar og komponist. Innleiingssendinga vart òg krydra med to vakre songleg-musikalske innslag frå Nils Bech.
Satirisk brodd
Ser ein på merittlista til Taylor Mac og kva som synest vere det kunstnarlege ærendet hans, er det ingen grunn til å tvile på at prisen er fortent. Han har openbert makta å handsame dei tradisjonelle omgrepa for teater og musikk på ein personleg og original måte. Han skjøner tida han lever i, og finn den rette satiriske brodden for å skildre nett det.
Så er berre spørsmålet om framsyninga som vart strøymd i samband med prisutdelinga, gav den fullgode kvitteringa for prisen.
Damene Lindmo, Lorentzen og Tømte tykte heilt klårt det, ut frå det vi fekk sjå og høyre av dei etterpå. Festleg, fargerikt og musikalsk var det òg, absolutt. Det spørst likevel om vi alle er fullt så overtydde av dette dømet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.