Prisdryss til musikal
Musikalen The Book of Mormon fekk tre heddaprisar.
Regissør Vidar Magnussen framfor det prislønte ensemblet då heddaprisane vart delte ut.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Teater
eva@dagogtid.no
Den satiriske musikalen The Book of Mormon er tildelt heddapris for årets framsyning, beste mannlege medspelar og beste scenetekst. Heddaprisen, som er bransjeprisen til teatra, vart delt ut på Oslo Nye Teater sundag.
The Book of Mormon har gått for fulle hus på Det Norske Teatret sidan premieren i september i fjor, og billettar blir no selde fram til januar og februar 2019. Musikalen har òg hatt suksess i byar som New York og London, men den norske oppsetninga som får prisen, er langt meir enn ei tilpassing av den internasjonale suksessen, ifølgje juryen for Heddaprisen.
Det er Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone som har laga musikalen, og Vidar Magnussen som har regi.
Are Kalvø fekk prisen for beste scenetekst for omsetjinga av musikalen frå amerikansk til norsk. Preben Hodneland, som spelar mormonaren eldste McKinley, fekk prisen for beste mannlege medspelar.
Heddaprisen er delt ut årleg sidan 1998, og han kan delast ut i inntil tolv kategoriar i tillegg til ein ærespris. Ragne Grande fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Laura Wingfield i Glassmenasjeriet på Trøndelag Teater. Herman Sabado fekk pris for beste mannlege skodespelar, for rolla som Prior Walter i Engler i Amerika på Nationaltheatret.
Heddakomiteens ærespris 2018 gjekk til Therese Bjørneboe, redaktør av Norsk Shakespearetidsskrift.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Teater
eva@dagogtid.no
Den satiriske musikalen The Book of Mormon er tildelt heddapris for årets framsyning, beste mannlege medspelar og beste scenetekst. Heddaprisen, som er bransjeprisen til teatra, vart delt ut på Oslo Nye Teater sundag.
The Book of Mormon har gått for fulle hus på Det Norske Teatret sidan premieren i september i fjor, og billettar blir no selde fram til januar og februar 2019. Musikalen har òg hatt suksess i byar som New York og London, men den norske oppsetninga som får prisen, er langt meir enn ei tilpassing av den internasjonale suksessen, ifølgje juryen for Heddaprisen.
Det er Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone som har laga musikalen, og Vidar Magnussen som har regi.
Are Kalvø fekk prisen for beste scenetekst for omsetjinga av musikalen frå amerikansk til norsk. Preben Hodneland, som spelar mormonaren eldste McKinley, fekk prisen for beste mannlege medspelar.
Heddaprisen er delt ut årleg sidan 1998, og han kan delast ut i inntil tolv kategoriar i tillegg til ein ærespris. Ragne Grande fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Laura Wingfield i Glassmenasjeriet på Trøndelag Teater. Herman Sabado fekk pris for beste mannlege skodespelar, for rolla som Prior Walter i Engler i Amerika på Nationaltheatret.
Heddakomiteens ærespris 2018 gjekk til Therese Bjørneboe, redaktør av Norsk Shakespearetidsskrift.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.