Bok
Presist og personleg
Carl Frode Tiller portretterer ein mann som sleper røtene etter seg.
Carl Frode Tiller er utdanna historikar.
Foto: Trine Melhuus
På side 207 i Arbeidarhjerte 1 står følgjande: «Lengselen som eg av og til blir fylt av når eg fortel alt det eg fortel no, eit ønske om å mane fram og halde fast i det som ein gong var, vel vitande om at det er umuleg.»
Det er dette umoglege Carl Frode Tiller tematiserer i den nye romanen sin, og gjennom forteljaren Trond, som har vakse opp i arbeidarklassen i Namsos, skildrar han eit samfunn som er borte og verdiar som har gått tapt på vegen mot ein digitalisert kvardag der kollektiv solidaritet er skifta ut med privatisering og individualisme.
Romanen pendlar fram og tilbake over ein 50-årsperiode frå 1970-talet til 2022, handlinga vekslar mellom Namsos og Trondheim, og forteljaren er like gammal som Carl Frode Tiller, noko som gir eit lett sjølvbiografisk rammeverk rundt framstillinga.
Det er ei familiehistorie over tre–fire generasjonar som utfaldar seg, med Trond i sentrum, men også med fyldige skildringar av foreldre, besteforeldre, søsken, ektefelle og eigne barn.
Far til Trond er sagbruksarbeidar, kommunist og engasjert agitator, konfronterande og rett på sak. Mora er meir konfliktsky etter ein oppvekst i eit fanatisk bedehusmiljø som ho har vendt ryggen, slik far hennar vender henne ryggen og gjer henne arvelaus. Dette er skildra med bitter ironi og psykologisk fingerspisskjensle.
Tillers ironiske blikk rammar også slektningar frå USA som kjem på besøk for å finne røtene i ei gjengrodd hustomt som på toppen av det heile er feil tomt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.