Bok

Praktisk talt, teoretisk sett

Tidsånda er framifrå observert frå utsida av innsida.

Kjersti Rorgemoen har skrive tre bøker etter debuten i 2009.
Kjersti Rorgemoen har skrive tre bøker etter debuten i 2009.
Publisert

Somme er flokkdyr med evne til å briljera i sosiale samanhengar, andre er det ikkje. Ein person i sistnemnde kategori er Liv Indrebø, ja, namnet åleine karakteriserer henne, i det minste slik ho ser seg sjølv. Ho er å treffa i den nye boka til Kjersti Rorgemoen, Eit praktisk menneske, der me får vita at Liv har ein jobb på eit bygdemuseum ein stad i det indre av Sør-Noreg, men ho har også kjøpt seg eit småbruk utanfor allfarveg og urørt av moderne fasilitetar. Her tek ho resolutt til med riving og vøling, ho gjer det aleine, og tykkjer dette praktiske arbeidet er meir gjevande enn museumsjobben.

Skarp observatør

Liv tenkjer meir enn ho pratar, det skal ikkje mykje til, men ho tenkjer dessutan godt, og refleksjonane om samtida og verda i dag ligg på eit høgt nivå. Ho er ein skarp observatør, det får me tru ho har etter forfattaren, som teiknar hastige, men overtydande portrett av personane Liv lyt eller vil ha kontakt med. Ho har ein kjærast, Svein, og slik Liv presenterer seg i boka, er dette litt av eit mirakel, for ho nemner seg sjølv som ein person andre nok vil karakterisera som mutt.

Ho er i grunnen karismatisk som ein fiskebolle saman med andre, men på innsida har ho eit imponerande og tiltrekkjande intellekt. Ho observerer inngåande slike fenomen som dei fleste av oss aldri stiller spørsmål ved, om eller til: «Ho budde her ein stad, i dette komfortable og konforme nettverket av kjedelege hus, bundne saman av kommunale vassårer og kloakkrøyr og sosial kontroll og uendeleg samanlikning. Det var ei gåtefullt kunstig livsform. Kvifor skulle ein klumpe seg saman på denne måten når den mest markante kvaliteten ved distriktet var god plass?»

Vanskeleg språk

Det kjem eit fylgje med amerikanske pensjonistar til museet, det vert arrangert jonsokfest, det skjer i det heile ein god del som Liv tek del i, men ho er likevel alltid på utsida, som observatør av seg sjølv og andre. Ein interessant figur i synsfeltet hennar er den framdriftsoptimistiske bygdeentreprenøren Knut Bøle, den diametrale motsetninga hennar. Han tek seg til rette, han ser planeten som eit lager av ressursar som kan nyttast utan konsekvensar av noko slag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement