Teater

Praktfull vårløysing

1890-talsklassikar skin og sprudlar nyfødt på Det Norske Teatret.

Ernst, Hänschen, Martha, Wendla, Melchior, Moritz og Ilse er ungdomar med mange utfordringar.
Ernst, Hänschen, Martha, Wendla, Melchior, Moritz og Ilse er ungdomar med mange utfordringar.
Publisert

For 130 år sidan var debutstykket til tyske Frank Wedekind, Frühlings Erwachen, ein kulturell brannfakkel i europeisk teater. Både tematisk og dramaturgisk utfordra det publikum. Her var vågale skildringar av mangelfull barneoppseding og tenåringar med gryande kjønnsdrift og redsle for vaksenlivet, fortalt i korte, intense sekvensar. Her var det ikkje nokon klassisistisk einskap over dramastrukturen. Til norsk teater kom stykket først i 1922, og noregspremieren kom med to historiske teaterdebutar: Agnes Mowinckel som instruktør og Olafr Havrevold som skodespelar, i rolla som Melchior. At dette er eit stykke som gjev utteljing for talent, kan vi no sjå nye lysande døme på på Det Norske Teatret.

Komprimert

I Miriam Prestøy Lies noko komprimerte versjon av originalteksten, der mellom anna ein del personar og ein del av vaksendialogane er borte, er stykket lagt i eit slags metanivå, der både spelestil og scenebilete ligg på grensa mellom realisme og karikert draumespel, av og til mest som figurteater. Dette gir forbløffande nok ei glassklår meining, ettersom det er nett slik vi kan sjå lina frå ei fortid vi smiler av, til notida, der unge kjensler og generasjonsmotsetnader ikkje har endra seg så mykje som vi trur.

Skodespelarane, med til dømes dei tre hovudpersonane Wendla (Sarah Franceska Brænne), Melchior (Christian Ruud Kallum) og Moritz (Petter Winther) handterer uttrykksforma med både fysisk og kjenslemessig overtyding, og sjølv i dei mest outrerte rollefigurane, som Nina Woxholtts fru Bergmann og Anna Ladegaards Ilse, ser vi sjølve livskampen i kvitauget.

Den visuelle utforminga til Dordi Strøm er heile tida vakker og fantasieggjande, det same er Petter Winthers nydelege originalmusikk. Songinnslaget til Mimmi Tamba (Martha) er òg ei perle i det heile.

Lukkeleg romanse

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement