Bok
Praktbok om arkitektur og byggjeskikk
Husa våre lyfter fram ikkje berre byggverk av kjende arkitektar i Sogn og Fjordane, men òg kreativ byggjeskikk av lokale handverkarar.
Dette er ei eksemplarisk bok på mange vis. Ved ei snøgg gjennomlesing slår den eine etter den andre kvaliteten imot deg: eit pedagogisk oppsett der om lag 500 hus og bygningar i Sogn og Fjordane blir presenterte med lettlesne tekstar og talande illustrasjonar, der heilskapsbilete er kombinerte med foto av arkitektoniske detaljar.
Dette er gjennomført med profesjonalitet, for bileta er vakre å sjå på, og det er ein fin balanse i plasseringa av bilete og tekst. Tekstane på si side er frie for tunge faguttrykk – noko som dessverre arkitekturbøker kan vera skjemde av. Til å vera ei fagbok på nesten 700 sider har verket òg ein språkbruk eg må rose. Ved gjennomlesing fann eg ikkje ein einaste nynorskfeil.
Det vitnar om stor bokkunst i kombinasjon med solid arkitektonisk fagkunnskap. Så dekkjer redaktøren og forfattaren av verket også desse to områda: Torkjell Djupedal er forleggjar ved Selja forlag, medan Kolbjørn Nesje Nybø er sivilarkitekt og amanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
Saman tek dei oss med på ei reise frå gamle trehus i indre Sogn til moderne fyrlykter ved kysten av Fjordane. Alle hus med status som freda er sjølvsagt omtala, saman med eit rikt utval bygningar, til dømes skulebygg, rådhus, bustadhus, ja, like til ein freda bensinstasjon. Sogn og Fjordane kan skryte av å ha den einaste norske einskildbygningen på Unescos verdsarvliste, nemleg Urnes stavkyrkje frå 1130. Så at det kjem ut eit storverk om arkitekturen i Sogn og Fjordane, er på ein måte naturleg.
Byggjeskikk
Men boka er òg eksemplarisk på eit djupare plan, og det gjeld programmet for verket. I baksideteksten heiter det at boka «fortel om byggeskikk og arkitektur i Sogn og Fjordane». I det innhaldsrike føreordet utdjupar forfattaren kva han meiner: «I denne boka tek vi ikkje stilling til kva som bør kallast arkitektur og kva som bør kallast byggeskikk. Det meiner vi at lesaren sjølv skal ta stilling til. I engelskspråklege land blir arkitektur kalla ’architecture’ og byggeskikk ’vernacular architecture’.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.