Film

Portrettperfeksjonisten

Pablo Larraín skildrar Prinsesse Diana på veg mot skilsmisse med stil og sjel.

Diana, spelt av Kirsten Stewart, med sønene William og Harry.
Diana, spelt av Kirsten Stewart, med sønene William og Harry.
Publisert

I Spencer møter vi Prinsesse Diana (Stewart) jula 1991. Ho skal feire jul med ektemannen, dronninga og resten av kongehuset. Det gjer ho alt ho kan for å unngå. Ho freistar hardt å forseinka turen til kvart måltid. Majoren Alistar Gregory (Spall) held strengt auge med alt som rører seg i gangane. Berre barna gjev Diana glede.

Familiefrontar

Dette er den fjerde portrettfilmen på rad av den chilenske meisterregissøren Pablo Larraín. Kjekke Neruda tok frekt og freidig føre seg nasjonalpoeten. Stilreine Jackie var tett på enka etter John F. Kennedy i dagane etter drapet. Hemningslause Ema var eit fyrverkeri om ein fiktiv dansar i Valparaíso.

No er han tilbake i den engelskspråklege verda. Det taklar han godt, sjølv om han er morosamare på heimebane. Han handsamar prinsesse Diana med stort hjarte og suveren stil. At Kirsten Stewart er nominert til Oscar for hovudrolla, er rett og rimeleg. Ho gjer si beste rolle.

Stewart poserer pertentleg og dansar elegant på ei line som sår og utskjelt med stjernenykker. Figuren er skriven for fiksjon med fleire fasettar, frå lynskarp til barnsleg. Parallellane ho ser til dronninga Anne Boleyn, som blei avretta utan skuld, er skarpe. Forholdet til kongefamilien er isande kaldt.

I dei små snuttane ho ser dei, er rommet fylt av forakt. Scener med sønene er derimot varme. Då skin kjærleik frå båe sider. Ein ser òg omhug i vennskapen med Maggie (Hawkins), som skal tvinge på prinsessa rett kjole til rett tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement