Kunst
Portrett utan plakett og sokkel
«Broken Column», skulptur nr. 00.
Den britiske skulptøren Anthony Gormley (f. 1950) har laga mange store installasjonar også her til lands, det mest særprega av dei alle er «Broken Column» (1999–2003). Arbeidet består rett og slett av 23 heilt identiske mannsfigurar i jarn som er plasserte utover Stavanger. Figurane er plasserte såleis at dei vender andletet mot nord, mot havet.
Skulpturane er baserte på ei avstøyping av kunstnaren sjølv, men detaljane er glatta ut til ei nøytral uttrykkslaus utforming. Den første figuren står i Stavanger kunstmuseum, resten har fått særs utradisjonelle plasseringar – i private leilegheiter, i ein svømmehall, på ein skule, i gatene, i Vågen. Mange av figurane kan ikkje vitjast av publikum, medan andre ruvar i byrommet.
Det kan verke som om skulpturane er tilfeldig strødde utover byen, men ser ein nøyare etter, vert ein nøyaktig uttenkt plan avdekt: Dei 23 skulpturane er plasserte slik at dei står nøyaktig nedanfor kvarande i høgdemeter – slik at kvar skulptur står på koten som er borti issen til den neste figuren. Figurane er 1,95 meter høge og dannar til saman ei mental søyle som er 44,85 meter høg. Stavanger kunstmuseum står nøyaktig 41,41 meter over havet. Neste figur står nede i Mosvannsparken, på eit område som ligg 1,95 høgdemeter lågare i terrenget enn museet. Resten av figurane er sette opp stegvis nedover mot havet, den siste er solid fundert på havbotnen ved eit skjær og fullender det 44,85 meter høge verket.
Når ein først skjøner tanken bak «Broken Column», vert heile byen aktivisert, og ein blir merksam på geografi, så vel som korleis miljøet kring kvar skulptur påverkar opplevinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.