Ulikskapen aukar i velferdsstaten. Dei rike dreg ifrå. Fleire har mindre å rutte med. Buffy By er talentfull – en selvbiografi er den første forteljinga om sjetteklassingen Buffy, ei fattig jente i rike Oslo.
Det tapre barnet er ein gjennomgangsfigur i forfattarskapen til Ingeborg Arvola. Denne nye serien har eit klart samfunnskritisk utgangspunkt. Rettferdig fordeling er eit rettskraftig prinsipp ned til minste knekkebrødsmule.
For det er knekkebrød som gjeld heime hjå Buffy – til frukost, middag og kvelds. Dei eig ikkje mykje, men er rike på menneskelege ressursar.
Buffy oppdagar at ho har eit stort talent: slalåm. Hindringane er mange for ei fattig jente som vil bli god i ei dyr idrettsgrein, men Buffy er ustoppeleg og ukueleg.
Den nye heltinna til Ingeborg Arvola driv med ein type vere-glad-leik som minner om ein av dei store klassikarane i barnebokhylla. Eleanor H. Porters roman Polyanna frå 1913 sette ein inspirerande, men urealistisk standard for kor positivt ein barnelitterær karakter kan klare å tenkje om situasjonen ho eller han er sett til å leve under.
Slik er det også i denne forteljinga. Forfattaren overdriv, men får det til å fungere som fiksjon. Språkleg svingar det godt, med friske replikkar og leikne skildringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.