Poetisk pasifismeFantastisk foto og fine figurar skapar ein framifrå krigsfilm om kvinner som dyrkar jorda.
Fantastisk foto og fine figurar skapar ein framifrå krigsfilm om kvinner som dyrkar jorda.
Kvinnene må drive garden medan mennene er i krigen.
Foto: AS Fidalgo
Hortense (Baye) driv familiegarden med dottera Solange (Smet), mens tre søner er i kamp for Frankrike i den fyrste verdskrigen. I mangel på arbeidskraft hyrar ho Francine (Bry), ei hardtarbeidande og hendig ung dame utan familie. Vokterskene skildrar livet på garden frå første perm for den respekterte lærarsonen i 1915 til freden er tilbake i 1919.
Markas grøde
Her er det mykje hardt arbeid, frå å halse strabasiøst bakom plogen til å føre rekneskap i stearinljos. Om alt går godt, er tida òg inne for mekanisering av jordbruket. Ferda mot det moderne Frankrike blir støtta opp av den fysiske innsatsen til franske kvinner. Opningsscena, der ei kvinne langt over seksti jagar plogen medan halte Henri står og ser på, er ein peikepinn på kven som styrer og strevar. Vegen frå hest og kjerring til traktor er stri.
Krigen skapar rammer, men vi ser han aldri. Historia held seg på heimebane. Matriarken Hortense vekslar mellom ærleg hjartevarme og konservativ kynisme. Med knallgodt skodespel gjer den stilige nestoren Nathalie Baye figuren kompleks og spennande. Iris Bry debuterer i rolla som Francine og gjer ein flott figur. Blant dei solide damene gjer Gilbert Bonneau sitt livs rolle som Henri. Bonden Bonneau debuterer som skodespelar i ein alder av 78. Han bidrar til realismen.
Eit stort sett stille lydspor skapar stoisk ro som lèt ein nyte skildringa av våronn og innhausting. Berre no og då kjem søt musikk, som for å skape kapittel. Ofte samsvarar dette med metaforisk søt musikk når menn vitjar garden. Romantikk er med på å skape konflikt og dynamikk, men eg set størst pris på framstillinga av gardsbruk og historia om arbeid. Sosiale skilnadar er òg smart sette opp utan slagord.
Dei som kjem frå krigen, er djupt prega. Fiendebiletet som styresmaktene spreier, verkar holt for dei som kjenner helvetet i skyttargravene. Med tanke på tradisjonell historieskriving og heltedyrking er kontrasten stor mellom fåfengd fatalisme for frontkjemparane og sunn drift under harde kår for utvikling på garden. Filmen ber bodskap både om pasifisme og feminisme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.