Bok
Poetisk dystopi
Verdsrommet freistar ikkje til busetjing. Det blir for langt heimanfrå.
Sigbjørn Skåden fekk Havmannprisen for romanen «Våke over dem som sover» frå 2014.
Foto: Tanya Busse
Sigbjørn Skåden (f. 1976) debuterte i 2004 med eit episk langdikt, skrive på samisk og omsett av han sjølv til norsk i 2007 med tittelen Skomakernes konge. Boka representerte det samiske språkområdet til Nordisk råds litteraturpris og tar for seg mytane om den evige jøden, plassert i eit samisk miljø i Ofoten-regionen. Orienteringa mot det mytiske går igjen vidare i forfattarskapen. I årets roman speler han ut busetjingsmytar på ein framand planet, og handlinga er lagd til 2048 og 2147. Det er eit dristig prosjekt som fort kan kollidere med fornufta til lesaren, men innanfor dei rammene som er gitt, får teksten stor fascinasjonskraft.
Kolonistar
Ei lita gruppe kolonistar frå jorda har etablert seg på planeten Heim og bygt opp eit kunstig livsrom under ein svær kuppel, den vesle byen Montifringilla. Her dyrkar dei mat med enkle hjelpemiddel, samtidig som all kommunikasjon er høgteknologisk og skjer ved hjelp av skjermar og tastatur, for talespråket er berre ein kløe i halsen. Tanken på noko robotaktig er nærliggjande, men samtidig er desse menneska utstyrte med kjensleliv og evne til å skilje mellom godt og vondt.
Det vonde dukkar opp med ei ny gruppe kolonistar frå jorda. Dei etablerer seg tett inntil i byen Canorus, og når Skåden har kalla romanen Fugl utan at det finst fuglar på planeten Heim, bruker han dei latinske namna på sporv og gauk som bynamn, Montifringilla og Canorus. Dermed går tanken til gaukungen som veks opp i reiret til ein annan art og fortrengjer dei. Det er fiffig gjort og gjennomført, for alt tyder på at dei nye kolonistane målbevisst tar seg til rette, og det ligg nær å peike på konfliktane mellom urfolk og storsamfunn slik ein kjenner det frå til dømes Nord-Noreg.
«Framtida er en umerkelig erosjon som sliper oss ned til svake omriss av dem vi en gang var», tenkjer ein av personane, og det er det som skjer heile vegen, for når ressursane som er frakta frå jorda, tar slutt, forsvinn heile livsgrunnlaget for begge busetjingane.
Da er vi langt inne i dystopien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.