Poetisk dobbeleksponering
Med svart humor, ram pessimisme og menneskeleg innsikt går poeten laus på sitt eige uttrykk.
Paal Maage Elstad har gjeve ut fleire diktsamlingar.
Foto: Renate Espe Aase
Paal Maage Elstad vart i 2015 nominert til Tarjei Vesaas debutantpris for Kun en liten del av universet. Stilistisk utmerka Paal Maage Elstad seg med ein reinskoren og snau lyrisk stil som ofte skapar eit eksistensielt undertrykk i dikttekstane. Nakenord er Elstads fjerde diktbok. Også Nakenord rører seg i eit kortfatta, konsist ordlandskap, sjølv om ein i boka også finn nokre kortprosatekstar som sprengjer rammene for kortdiktet.
Fotografi
Fleire av motiva i dikta er knytte til refleksjonar rundt fotografisk og skulpturell attgjeving sett opp mot den menneskelege eksistensen. Skulpturen, fotografiet og andre kunstuttrykk som frys fast augeblikket, står i kontrast til minna og den levande tida.
Det finst fleire tekstar vigde til kjende fotografar som Henri Cartier-Bresson og Irving Penn. Opningsteksten tek utgangspunkt i eit fotografi av den tsjekkisk-franske fotografen Josef Koudelka som syner ein skulptur av Maria og den snart krossfesta Jesus, der ein ung gut freistar å presse seg inn mellom dei to figurane, kanskje for at guten skal «fange (...) noe av den kjærligheten/ som strømmer mellom henne og sønnen».
Kanskje kunne ein seie at Elstad i denne boka snur seg mot sin eigen poetikk og freistar å undersøke kva det nakne og reinskorne estetiske uttrykket inneber. Ofte tenkjer ein at det nakne og avkledde fører ein nærare sanningskjernen, men i Elstads dikt vert det avdekte til nye masker, skal og ytre skin som minner oss om fråværet av det menneskelege. Kan hende skal ein lese opphissinga i følgjande dikt i lys av nett den innsikta, der diktet handsamar ein «skulptur» som ikkje etterlèt seg eit skal: «det var/ pirrende/ å / kjenne/ snømannens hode/ smelte mellom hendene».
Erfaringar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.