Teater
Poesi og musikk om einsam- og tosamlivet
Menneske, kjære menneske byr på minimalistisk teater, men spennande tekst og musikk.
Andrine Sæther, Erland Bakker, Liv B. Osa, Trond Espen Seim og Erlend Ropstad står på scenen i stykket.
Foto: Øyvind Eide
Forfattaren Nils-Øivind Haagensen og artisten Erlend Ropstad er to røyster i norsk kulturliv som båe har markert seg med eit både lettfatteleg og finurleg skråblikk på livet. Teatermannen Anders T. Andersen har sett eit slektskap mellom dei, og med Ropstad på scena, i vekselverknad med fire skodespelarar, har han skapt ei collageframsyning der dei to røystene kommuniserer frapperande godt. I realiteten er det berre direkte framføring av tekstar og songar, ingen etablerte karakterar, ingen klassiske teaterdialogar. Likevel er det liksom ein nærast elektrisk kontakt mellom utøvarane.
Dei fire som framfører tala tekst, Liv Bernhoft Osa, Trond Espen Seim, Erland Bakker og Andrine Sæther, maner gong på gong fram forte og brå situasjonar frå det gjenkjennelege dagleglivet, som i Haagensens glasklåre og ofte morosame symbolbruk treffer oss midt i blinken. Både når dei snakkar frontalt mot oss og når dei vender seg til kvarandre, ser vi brokkane av levd liv, der menneske møtest, blir nære kvarandre og sidan fjerne, og der ein gjerne gøymer seg bak klisjear for å late som om ein snakkar saman. Scenerommet er eigentleg berre eit svart konsertpodium, med fire svarte skinnstolar, eit piano, ein gitar og eit mikrofonstativ. Sånn sett er det berre personane sjølve som skaper eit teatralt bilete, i rørsler.
Songinnslaga til Erlend Ropstad, med hans eigne tekster og melodiar, har kan hende ein endå tydelegare desperasjon i seg i høve til resten, men han har på same vis som Haagensen det universelle og det kvardagslege ropet på erkjenning side om side. Viserocksjangeren han dyrkar, har òg eit enormt spekter av hardt trykk i den eine enden og varleg, lyrisk varme i den andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.