Film

Podkast på stort lerret

Både Waleed Ahmed og filmen om han er i overkant ambisiøse.

Scene frå dokumentarfilmen om Waleed Ahmed.
Scene frå dokumentarfilmen om Waleed Ahmed.
Publisert

I 2012 hamna «Noregs Mark Zuckerberg» bak lås og slå i USA. Korleis gjekk tenåringen frå å ha makteliten i si hole hand til å verta ein stormannsgalen svindlar?

Kjeldeflod

Svaret er nok like samansett og uvisst som det Waleed Ahmed sjølv famlande prøver å setja ord på i starten og på slutten av den elegante, påkosta dokumentaren Stol på meg. Her er alle verkemiddel tekne i bruk i kvar minste detalj, frå snerten musikk til tydeleg skrifttype som får tankane over på typisk velproduserte dokumentarar i HBO-tradisjon.

Og i det havet av sannkrim han konkurrerer med, er det klart ein fordel å vera så heilstøypt og gjennomarbeidd. Tilgangen på kjelder har vore god, i alle fall kvantitetsmessig. På eit vis har Stol på meg klart å drukna seg sjølv litt i mange kjelder, framfor å gå djupare ned i materien.

Den beste kjelda er Waleed sjølv, men ironisk nok: Eg veit ikkje heilt om eg stolar på han, så slik sett er han eigentleg ei elendig kjelde. At det vert spela på at regissør Emil Trier har opparbeidd seg tillit hjå Waleed, verkar med andre ord ikkje frykteleg imponerande, då ein får kjensla av at han ville opna seg for kven som helst som den lurendreiaren han er.

Kven der

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement