Plettfri polsk kjærleikshistorieOscar-vinnar Pawlikowski slår eit stilfullt slag for kjærleiken og musikken.

Oscar-vinnar Pawel Pawlikowski slår eit stilfullt slag for kjærleiken og musikken.

Søt musikk oppstår mellom han som samlar på musikk, og ho som syng.
Søt musikk oppstår mellom han som samlar på musikk, og ho som syng.
Publisert

Wiktor (Kot) samlar songar frå folk på den polske bygda etter krigen. Under ein prøvesong får han interesse for Zula (Kulig). Det slår gode gneistar. Folkemusikkprosjektet bringar dei til hovudstaden, der songane blir omskrivne for kor og selde inn som nasjonens sjel. Brått bør repertoaret ha med songar om jordreform og den ufeilbarlege leiinga for proletariatet. Snart freistar turnear til Berlin og Paris, men farar finst alle stadar.

Song for Zula

Pawlikowski vann Oscar med same visuelle oppskrift med Ida. Polsk historie i svartkvitt og smalt normalformat frå epoken som blir skildra, er igjen herleg å sjå. Den fantastiske fotografen Lukasz Zal nyttar høgda visuelt med tre, bygningar og silhuettar. Ofte lèt han større rom stå tomme i ramma, slik ein òg lèt stilla inn på lydsporet mellom all den flotte musikken.

Det rike lydsporet er elegant arrangert av Marcin Masecki. Eg nyt å høyre dei mest spartanske kjærleiksvisene med sekkepipe, fele og trekkspel. At kjærleik tynger, ser ein i augo til songarane. Dei massive korvariantane er mektige. Jazzen i Paris er òg fin. Folkesongen «Dwa Serduszka» kjem i ulike stilar, som når Zula syng ein mørk jazzvariant à la Monica Zetterlund. Marknadstilpassinga er like trist som dei strenge stalinistiske rammene i heimlandet. Paris forventar ekstra koloritt til den «slaviske sjarmen» dei finn eksotisk.

Personleg perfeksjon

Både Tomasz Kot og Joanna Kulig «eig» hovudrollene. Kulig er ei slags Polens Léa Seydoux, Kot ein sentraleuropeisk Michael Fassbender. Dei spelar supert og kler lerretet. Kjærleikshistoria er klassisk, men ho er godt forankra i røynda med refleksjonsnivå rundt musikktradisjonar og nasjonsforståing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement