Musikk
Pirrande skalaar
Sara Aimée Smiseth syner oss breidda i Agathe Backer Grøndahls klaververk.
Den norske pianisten og komponisten Agathe Backer Grøndahl (1847–1907).
Foto: Nasjonalbiblioteket
Agathe Backer Grøndahl, som blei fødd i Holmestrand i 1847, var vår fyrste kvinnelege komponist av rang. Den 70 nummer lange opuslista femnar om 250 songar og 150 klaverstykke. Som pianist hausta ho stor åtgaum, mellom anna som solist i «A-mollkonserten», med Edvard Grieg som dirigent. Sjølv om ho blei sett på som ein teknisk suveren utøvar, var det likevel den naturlege og ukunstla musiseringa som greip pressa og publikummet mest.
Med dei 15 stykka som Sara Aimée Smiseth spelar på sitt fyrste soloalbum, ynskjer ho å syna breidda i Agathe Backer Grøndahls klaverproduksjon. Både programmeringa og tolkinga overtyder. Me høyrer ein komponist med røter i den kjenslesterke tyske romantikken og som tidvis syg kraft or rytmane og tonaliteten til den norske folkemusikken.
Attersyn
Men Backer Grøndahl ser òg attende i musikkhistoria, til barokkmusikkens polyfone koryfear. Albumet opnar med eit slikt attersyn, med «Prélude» frå Suite, op. 12. (1887), som er tydeleg J.S. Bach-inspirert. Dei tunge, brotne mollakkordane står som søyler i satsen, bundne saman med snøgge tonelekkjer som Smiseth fraserer med utsøkt agogikk. Klangarkitekturen fører tankane mot klassiske søyler prydde med frodige girlandrar.
Mange av stykka på plata har folketonepreg. Backer Grøndahl nytta mest tonar som andre hadde skrive ned, men skal òg ha gått ad fontes: «Når hun var på landet, traff hun alltid spillemenn», heiter det i eit minneskrift. Frå Norske folkeviser og folkedanse, op. 30 (1891), spelar Smiseth mellom anna nr. 9, «Siklebækken», og nr. 10, «Kivlemøyerne», begge med tone etter Myllarguten.
Lydisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.