Film

Pinocchio i turklede

Denne filmmeldinga tek ei overraskande vending, til informasjon.

Ekteparet Raynor og Moth Wynn, spelt av Gillian Anderson og Jason Isaac, legg ut på ei vandring langs den sørlege kyststripa i England, gjennom Cornwall, Devon og Dorset.
Publisert Sist oppdatert

Då huset blir teke frå dei etter ei rettssak, må Raynor (Anderson) og Moth (Isaac) tenka heilt nytt, særleg sidan Moth samstundes får beskjed av legen om at han lir av ein sjukdom som gjer at han kjem til å døy snart.

Dei står på bar bakke og bestemmer seg for å gå den 970 kilometer lange stien langs sørkysten i England, frå Minehead til Land’s End. Det skal koma til å endra livet deira for alltid. Og alt er basert på ei ufatteleg, sann historie.

Winn-win

Det er så vakkert, dette kystlandskapet. Eg kan lett tru at eg kunne fått nye perspektiv av å gå langs havet og kjenna på elementa slik Raynor og Moth gjer. Dei har ingenting, men dei har kvarandre. Kamera panorerer over dei to, der ho må hjelpa han med ryggsekken fordi han er så dårleg til beins. Det er jo nesten ikkje til å tru at han klarar denne turen som folk brukar fleire månader på, ifølge reisehandboka som dei brukar flittig.

Filmmessig skjønar eg godt at regissør Marianne Elliott har valt boksuksessen, den sjølvbiografiske The Salt Path av Raynor Winn, som utgangspunkt for denne naturperla av ei historie. Då boka kom ut i 2018, hadde den forsiktige, smålåtne Winn aldri skrive noko før. Eller hadde ho det? Det fyrste eg stussa på då eg såg Saltstien, var korleis aksenten til amerikanske Gillian Anderson gjekk frå hennar vanlege erkebritiske til ein slags walisisk parodi. Kvifor?

Det andre eg stussa på, var då rulleteksten kom og ei oppsummering av livet deira ikkje konkluderte med at Moth var død, som eg nærast forventa etter alle strabasane på turen og dødsbodskapen frå legen. Og dette er grunnen til at eg vrir denne filmmeldinga over til ei slags privatdetektivsak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement