Musikk

Pinesam sopran

Den fyrste konserten eg opplevde under årets Bachfest, var spanande programmert, men skuffande musisert.

Diego Fasolis dirigerer I Barocchisti, eit barokkorkester frå den italiensktalande delen av Sveits.
Publisert Sist oppdatert

Alle dei tre konsertane som blir melde i dette festspelbrevet, er – på kvar sin måte – knytte til årets festivalmotto «transformasjon». Konserten førre torsdagsettermiddagen i Leipzigs evangelisk-reformerte kyrkje, merkte seg ut ved at han baud på ein «framand» komposisjon som Bach transformerte til eige bruk: Stabat Mater av italienaren Giovanni Battista Pergolesi (1710–1736), verket som fór som ein farsott gjennom Europa midt på 1700-talet.

Den franske filosofen Rousseau, til dømes, kalla opningsduetten for «det mest fullkomne og rørande ein komponist nokon gong har festa til papir». At den tuberkuløse 26-åringen Pergolesi skreiv stykket på dødsleiet, berre auka mystikken ved musikken.

Erkekatolsk

Den latinske kyrkjehymnen Stabat mater dolorosa frå 1200-talet – «Under krossen stod med tåra» i Bernt Støylens fine omsetjing – er så erkekatolsk ein får det. Bach såg genialiteten i den unge italienarens nyskapande, uttrykkssterke musikkstil, men teksten gjorde stykket umogleg å framføra i ei luthersk gudsteneste. Han fekk difor ein elev til å setja ny, tysk tekst til tonane – ei poetisk omdikting av Bibelens 51. salme.

Sjølve komposisjonen heldt han heller ikkje fingrane unna. Særleg bratsjstemma har mangt av Bachs kontrapunktisk komplekse komposisjonsidiom. Forvitneleg var det difor å oppleva I Barocchisti under den sveitsiske dirigenten Diego Fasolis fyrst framføra Pergolesis original, fylgd av Bach-versjonen Tilge, Höchster, meine Sünden, BWV 1083.

Alarmerande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement