Bok
Pikant og brutalt
Mario Vargas Llosa spiddar Fujimori-regimet på 1990-talet.
Mario Vargas Llosa er aktuell med ein ny roman omsett til norsk.
Foto: Ulla Montan / Gyldendal
Mario Vargas Llosa stilte som presidentkandidat i Peru i 1990. Han tapte mot japansk-peruanske Alberto Fujimori, som styrte landet med hard hand og skitne metodar fram til 2000, da han trekte seg som president og av forståelege grunnar busette seg i Japan. I Peru er han i ettertid dømd til lange fengselsstraffer for grovt maktmisbruk.
Dette dannar bakteppet for Vargas Llosas nye roman på norsk, og han teiknar eit skremmande bilde av Fujimoris regjeringstid på 1990-talet, der dagsorden var å knuse all opposisjon gjennom sensur, svertekampanjar, skremsle og trugsmål, arrestasjonar og likvideringar – nær inkarnasjonen av eit latinamerikansk diktatur slik ein kjenner det frå langt tilbake i Chile, Argentina og Mellom-Amerika.
Brutal røyndom
Handlinga er lagd til Lima, og Llosa flettar elegant saman menneske som normalt ikkje har noko felles i eit skjebnedrama med forgreiningar frå rennesteinen til rikmannsstrøket, frå skandalepressa til etterretningstenesta – det heile krydra med pikant sex og brutal røyndom.
Romanen skyt fart når redaktøren for sladremagasinet Destapes oppsøker ein mektig gruveeigar og ber om pengar for ikkje å trykke svært avslørande bilde frå ein sexorgie. Når han blir vist på dør, kjem bilda på trykk, og kort etter blir redaktøren likvidert. Spenninga ligg i kven som står bak drapet. Er det gruveeigaren? Er det ein forvirra kunstnar som har fått karrieren lagd i grus av redaktør Ronaldo Garro? Eller går det eit spor til topps i etterretninga der den mektige Vladimiro Montesinos på 1990-talet mellom anna brukte skandalepressa for å knuse politisk opposisjon?
Makt og motstand
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.