Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Picasso for ein tusenlapp

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pablo Picasso (1881–1973): «Nature Morte«, olje på lerret, 1921, 22,9 cm x 45,7 cm.

1762
20200207
1762
20200207

På nettsida 1picasso100euros.com kan ein vere med i eit lotteri der førstepremien er eit måleri signert den spanske kunstnaren Pablo Picasso, den mest førande kunstnaren på 1900-talet. Han var mellom anna med på å utvikle kubismen. Det utlodda verket «Nature Morte» frå 1921 er karakteristisk for perioden, der det figurative motivet vert løyst opp i geometriske flater. Her er det så vidt vi anar at motivet er eit stilleben av eit bord med avisa Le Journal, ein vase og ein duk.

Den noverande eigaren av måleriet er samlaren David Nahmad, som har ei av verdas største samlingar av den spanske kunstnaren. Samlaren får éin million euro av den innsamla summen. Resten går til eit humanitært føremål som i år er å blant anna bygge og forbetre brønnar i Kamerun, Madagaskar og Marokko.

Det er den velgjerande organisasjonen Care som loddar ut eit Picasso-måleri, noko dei òg gjorde i 2013, då dei samla inn 4,8 millionar euro til eit prosjekt i Libanon. I 2013 var det ein 25-åring frå Pennsylvania som vann «L’Homme au Gibus» frå 1914. Den franske foreininga Aider les Autres (Hjelp dei andre) administrerer lotteriet.

Kan hende norske velferdsorganisasjonar kunne ha late seg inspirere av modellen? Kunstnarar vert jamleg bedne om å donere verk til gode formål, og mange gir fleire verk i året utan å ta betalt. Dette er tankevekkande. Kunstnarar er ei lågtlønt yrkesgruppe, dei kunne sanneleg trenge pengane sjølve. Så kvifor ikkje betale kunstnaren gjennom summen som vert samla inn?

Trekninga i det spektakulære Picasso-lotteriet skjer 30. mars i år og vert strøymt direkte på 1picasso100euros.com. Men det spørst om den heldige vinnaren vågar å henge verket til ein verdi av over ti millionar norske kroner over sofaen.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis