JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Philip Roth (1933–2018)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Eric Thayer / Reuters / NTB scanpix

2650
20180525
2650
20180525

Frå no av må vi tale om Philip Roth i fortid. Han var ein av dei store amerikanske forfattarane i vår tid. Lesarane hadde alt budd seg på at det var slutt. Han lova at romanen Nemesis (2010) var den siste frå hans side. Handlinga er lagd til 1944, då ein polioepidemi bryt ut i New Jersey og rammar barn og ungdom, uventa og tilfeldig. Ungdomstid i amerikansk samtidskultur har vore Roths store tema heilt sida den første boka, Goodbye, Columbus, ein kortroman og fem noveller, kom i 1959.

Eg kan ikkje hugse noka anna bok av Roth som sette seg så fast i meg som denne første boka hans gjorde, godt hjelpt av filmversjonen av tittelforteljinga frå 1969. Her skildrar forfattaren kjærleiken til Brenda, spela av den unge Ali MacGraw. Det er både ei kjærleikshistorie og ei klassereise. Eg hugsar scena mellom dei to i eit amerikansk symjebasseng, sjølve symbolet den gongen på fullkommen erotikk. Men for ein bokmann og bibliotekar, som helten i teksten, må det ende tragisk. Slikt høver, diverre, dårleg på bassengkanten.

Philip Roth var både forfattar og akademikar. Han hadde mastergrad i engelsk frå University of Chicago. Han skreiv og han underviste. Novellene i den første boka handla alle om amerikansk-jødisk kultur, som han var ein del av, og som han kjente så godt til gjennom oppvekst i New Jersey. Les den framifrå boka han skreiv om far sin, Patrimony (1991). Tekstane i Goodbye, Columbus viser til problem som oppstår i amerikanske jødiske miljø når ein blir omforma og assimilert inn i ei solid mellomklasse. For Roth gir ei slik utvikling ei kjensle av tap, ikkje vinning. For å syne det kan Roth ta inn i teksten ein jødisk einstøing som slett ikkje passar i eit slikt miljø. Det var eit opplegg Roth stadig kom attende til.

Det kan vere eit barn som gjer opprør mot rabbinaren i skolestua, og som plutseleg gir den skriftkloke ein kvass leksjon i jødisk teologi, ikkje utan humor: «Du veit ingenting om Gud.» I møte med ein ung amerikansk jøde, som forteljaren i ei anna novelle absolutt ikkje kan utstå, blir eg-personen send attende til ein barndom han har gløymt. Det er nøkkelen til det beste i Roths litterære verksemd.

Eg sit her med ei handskriven melding frå Philip Roth framfor meg. Lappen er frå 1992. Han sende meg då svar på eit brev med spørsmål om vi fekk lov å bruke ei av novellene hans i ei tekstsamling for norske studentar. Ved å lese Roth i Noreg, der få kjende til jødisk bymiljø i USA, fekk vi likevel ei kjensle av at det dreidde seg om metaforar vi delte frå den hebraiske bibelen, knytt til ein samfunnskritikk vi forstod, og som vi kjende oss som ein del av.

Øyvind T. Gulliksen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis