Pesten i Bergamo

«Møde i Bogstaveligheden» 1. mars 1882, då J.P. Jacobsen las høgt frå novella «Pesten i Bergamo».
«Møde i Bogstaveligheden» 1. mars 1882, då J.P. Jacobsen las høgt frå novella «Pesten i Bergamo».
Publisert Sist oppdatert

I desse tider med koronavirus har det vore ei lang rad med artiklar om kva for bøker og filmar som tidlegare har tatt for seg pest og sjukdom og epidemiar. Kommentatorane og kritikarane har nemnt dei alle – Dekameronen og framfor nokre Pesten av Albert Camus, og mange andre. Men det er eitt verk som ingen har trekt fram, og det er sant å seie litt underleg, for i tittelen på teksten finst namnet på ein italiensk by som har vore mykje i nyhenda som ein stad der viruset verkeleg har råka. Det er Bergamo.

Eg tenkjer på ei novelle av den danske attenhundretalsforfattaren J.P. Jacobsen (1847–1885). Tittelen er «Pesten i Bergamo», og ho vart først publisert i novellesamlinga Mogens og andre Noveller i 1882. Det er eit usedvanleg stykke litteratur.

Moderne gjennombrot

Forfattaren er kjend som ein av dei viktigaste av representantane for det moderne gjennombrotet i nordisk litteratur. Han var utdanna som botanikar, og han var også ein av dei første som introduserte moderne naturvitskapelege teoriar i Norden. Mellom anna omsette han Om artenes opprinnelse av Charles Darwin til dansk i 1872. Han skreiv også fleire artiklar om utviklingslæra i det tidsskriftet Nyt Dansk Maanedsskrift, som var det sentrale talerøyret for fritenkjarane i Danmark, mellom anna knytt til brørne Georg og Edvard Brandes. I desse og andre artiklar stod han fram som kritikar av kristendomen og som eit talerøyr for ein meir open haldning til kva rolle driftene speler i livet.

Dette kjem også fram i dei to romanane Jacobsen rakk å skrive før han døydde. Den første er Fru Marie Grubbe, som kom ut i 1876. Det er ein historisk roman om ei adelsdame frå overgangen mellom 1600- og 1700-talet som var gift tre gongar, og som døydde fattig. I romanen skapar Jacobsen eit psykologisk, men også sosialt portrett av Marie Grubbe. Han skriv om korleis ho følgjer seksualiteten og lystene sine, særleg i tilhøvet til den tredje ektemannen, som er ein mann av folket, og som trekker frua nedover i samfunnet. Då boka kom ut, vart ho ein skandalesuksess, og det første opplaget vart selt ut på få dagar.

Den andre romanen hans heiter det same som hovudpersonen Niels Lyhne og kom ut i 1880. Det er ein roman om korleis ein ung mann frå provinsen modnast og gjennomgår kriser av seksuell, sosial og religiøs karakter. Hovudpersonen blir ateist. Handlinga er lagd til åra mellom 1830 og 1864. Niels endar livet sitt etter slaget mellom Preussen og Danmark ved Dybbøls Skanse i Jylland. Han blir såra og råka av det som seinare blei eit bilde på det danske nederlaget – «Saarfeberen frå Dybbøl». Niels døyr utan å bli forsona med kristendomen, trass i alle former for påverknad. Dei siste orda har vorte vidgjetne. «Og endelig døde han da Døden. Den vanskelige Død.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement