Musikk

Personlege tolkingar

Bjørn Klakegg er ein framifrå tekstformidlar.

Bjørn Klakegg saman med Mattias Krohn Nielsen (t.v.) og Herman Wildhagen (t.h.).
Publisert Sist oppdatert

Det vokale uttrykket til Bjørn Klakegg er for meg så sterkt knytt til Needlepoint-platene og bandet Local Store. Det vokale uttrykket er prega av noko eterisk og naivistisk. Stemma passar som hand i hanske til tematikken i mykje av repertoaret til dei to nemnde banda.

Når no Klakegg gjev seg i kast med standard­-repertoaret, så fargar han desse klassikarane med det særmerkte vokale uttrykket. Ikkje mindre særmerkt er det gjennomførte kompet med strengeinstrument som viktigaste ingrediens. Det fascinerande i tolkinga er dei som er å finna i eit spenningsfelt mellom røyndomsflukta og vemodet, mellom dagdraumen og tristessen.

Klakegg fekk nærkontakt med standardrepertoaret ganske ufrivillig ved at han i ungdomsåra om sundagsmorgonane låg i senga og høyrde storebror Rune sitja ved pianoet og øva på dette repertoaret. Sjølv om storebroren øydela «venleikssøvnen» desse morgonane, fekk Bjørn eit kjærleikstilhøve til songane, og no i ein alder av 67 ville han laga sine tolkingar.

Dette repertoaret er tolka av haugevis av musikarar, men det er ikkje ofte ein høyrer så pass personlege og lett attkjennelege versjonar. Det vokale uttrykket har eg alt nemnt. Den andre signaturen er arrangementa dominerte av gitar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement