Bok

Personleg og privat

Som vanleg skriv Simon Stranger godt, men kva har han å fortelje?

Simon Stranger har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne, og mange av dei er omsette til fleire språk.
Publisert Sist oppdatert

Simon Stranger har dei siste åra skrive seg fram til ein posisjon som bestseljande forfattar her til lands, samtidig som han også er omsett til meir enn 30 språk. Det var Leksikon om lys og mørke (2018) som opna for eit større publikum, der han går tett på Rinnan-banden og sin eigen jødiske svigerfamilie, slik han også gjer det i Museum for mordere og redningsmenn (2023).

Noko som særpregar Strangers forfattarskap frå starten av, er det originale forteljargrepet, komposisjonen og den uventa vinklinga på stoffet, som ein finn i debutromanen frå 2003, Den veven av hendelser vi kaller verden, og i andreboka Mnem frå 2008.

Minne og minnetap

I debutromanen følger han eit hydrogenatom i ulike delar av verda frå år 776 til 1998. I Mnem viser han framveksten av den utopiske byen Nem i eit flettverk av historier som grip inn i kvarandre, frå ulike vinklar og tidsperiodar, og slik kastar lys over tematikken kring minne og minnetap. Begge romanane er imponerande handverk i ein kombinasjon av fantasi og brei kunnskap på ulike felt, og begge framstod som originalt nyskapande.

Årets roman er langt meir ordinær, både i komposisjon og innhald. Utgangspunktet er den avlidne faren, som Stranger nærmar seg i du-form i eit forsøk på å forstå kven han var, og kvifor han var som han var: streng, dominerande og undertrykkande i familien, blid og omgjengeleg mot omverda, samtidig som han var fylt av angst, depresjon og eit irrasjonelt sinne.

Ein forstår fort at han sleit med det psykiske, at han kanskje hadde psykopatiske trekk, men for Stranger blir faren ein framand slik romantittelen også viser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement