Perfekt kommunikasjon
Bye Lila har laga ei melankolsk perle.
Bye Lila er ein duo av to som kjenner kvarandre godt, Lisbeth-Anita Grimsø Olsen og Liv Andrea Hauge.
Foto Margit Rønning Omholt
Jazz
Bye Lila
And Then Summer Came
Lisbeth-Anita Grimsø Olsen, vokal; Liv Andrea Hauge, piano; og Arktisk Filharmoni (10).
Nice Things Records
Lisbeth-Anita Grimsø Olsen og Liv Andrea Hauge har samarbeidd heilt sidan dei møtte kvarandre på Noregs musikkhøgskule i 2016. Dei har samarbeidd om fleire prosjekt, mellom anna bandet Ladybird Orchestra, som kjem med den andre plata si til våren. Her dei toeine i selskap med flygelet.
Dei ti låtane er skrivne av Hauge og Olsen, og den sistnemnde har skrive tekstane. Dei sentrallyriske tekstane er enkle, konkrete og heller biletfattige, men dei funkar fint i dei sparsame musikalske omgjevnadene. Poesien ligg i første rekkje i det sensitive samspelet. Melankolien er ein fast følgjesvein på alle ti spora, sjølv på den lettbeinte og muntre «Sunblinded», der Hauge improviserer elegant på modifisert piano.
Hauge legg ofte eit fundament av brotne akkordar som gjev eit svevande musikalsk underlag for Olsen. Det vokale uttrykket varierer frå det eteriske til det venlege, men bestemte. Dynamikk og pausar er sentrale verkemiddel. Eit strålande døme på dette er «Only You».
And Then Summer Came er ei kammermusikalsk perle. Det er såleis spanande å lytta til samarbeidet duoen hadde med Arktisk Filharmoni, men Aleksander Waaktaar har skrive eit strykearrangement som tek vare på kvalitetane til duoen som duo og tilfører ein svært så høveleg klangpalett. «Quiet Breath of Winter» er faktisk saman med «Improvisation II (Sound of Traffic)» høgdepunktet på ei gjennomført sterk plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Bye Lila
And Then Summer Came
Lisbeth-Anita Grimsø Olsen, vokal; Liv Andrea Hauge, piano; og Arktisk Filharmoni (10).
Nice Things Records
Lisbeth-Anita Grimsø Olsen og Liv Andrea Hauge har samarbeidd heilt sidan dei møtte kvarandre på Noregs musikkhøgskule i 2016. Dei har samarbeidd om fleire prosjekt, mellom anna bandet Ladybird Orchestra, som kjem med den andre plata si til våren. Her dei toeine i selskap med flygelet.
Dei ti låtane er skrivne av Hauge og Olsen, og den sistnemnde har skrive tekstane. Dei sentrallyriske tekstane er enkle, konkrete og heller biletfattige, men dei funkar fint i dei sparsame musikalske omgjevnadene. Poesien ligg i første rekkje i det sensitive samspelet. Melankolien er ein fast følgjesvein på alle ti spora, sjølv på den lettbeinte og muntre «Sunblinded», der Hauge improviserer elegant på modifisert piano.
Hauge legg ofte eit fundament av brotne akkordar som gjev eit svevande musikalsk underlag for Olsen. Det vokale uttrykket varierer frå det eteriske til det venlege, men bestemte. Dynamikk og pausar er sentrale verkemiddel. Eit strålande døme på dette er «Only You».
And Then Summer Came er ei kammermusikalsk perle. Det er såleis spanande å lytta til samarbeidet duoen hadde med Arktisk Filharmoni, men Aleksander Waaktaar har skrive eit strykearrangement som tek vare på kvalitetane til duoen som duo og tilfører ein svært så høveleg klangpalett. «Quiet Breath of Winter» er faktisk saman med «Improvisation II (Sound of Traffic)» høgdepunktet på ei gjennomført sterk plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.