ParingsleikUnderfundig ungarsk en- er var, rar og romantisk.DRAMARegi: Om kropp og sjel (: )Med:

Underfundig ungarsk Gullbjørnen-vinnar er var, rar og romantisk.

Økonoisjefen Endre (Morcsányi) og kvalitetskontrolløren Mária (Borbély) møter kvarandre på slakteriet.
Økonoisjefen Endre (Morcsányi) og kvalitetskontrolløren Mária (Borbély) møter kvarandre på slakteriet.
Publisert

Endre (Morcsányi) er økonomisjef ved eit slakteri i Ungarn. Mária (Borbély) har nyss komme som kvalitetskontrollør frå styresmaktene. Ho er høgst pertentleg. Difor er ho eit irritasjonsmoment for dei tilsette, men Endres blikk på henne vekslar mellom skepsis og dragning. Når nokon har stole paringspulver og helt det i drinkar på ein fest med heftig resultat, må alle som ein til intervju med ein psykolog for å avsløre kven som har synda. Det avdekker lekker mellom Endre og Mária.

Dyreriket

Vi får servert kontrastar mellom hjortar i skjønt samspel i skogen og kyr i bås som blir slakta i stor detalj. Parallellane speglar seg i flokken av menneske òg. Symbolikken om folks åtferd sett opp mot dyr har eit snev av The Lobster av Yorgos Lanthimos og The Square av Ruben Östlund, utan å trekke det like langt eller sikte like klart mot lått. Den ungarske filmskaparen Ildikó Enyedi siktar som sine kollegar inn på sosial samhandling. Kven er alfahann, klovn, kronhjort og kolle?

Sosialt spel

Mária har eit minne som minner om Rain Man, og treng tillært kommunikasjon. Endre er eldre og har ein lam arm. Slik har båe skavankar i spelet om seksuell merksemd. Det rare paret har tvillaust kjemi, men dei sparar på avslørande andletsuttrykk. Dei gjer solide roller. Dialogane er støtt truverdig keitete. Her er flust i menneskelege feil, men alle ber på ein djup draum om kjærleik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement