Film
Pappa? Pappa! PAPPAAA!
Tre fedre er ein fin, tankevekkande gladfilm som sikkert kan få det til å klikka for enkelte.
David, Sindre og Kristopher utvidar familien med eit barn.
Foto: Even Benestad / Indie Film
Dei tre kjærastane David, Kristopher og Sindre har lyst å utvida familien med ein unge. Transmannen Kristopher, Kris, har framleis livmor, og med IVF og kvinnelege hormon lèt graviditet seg gjennomføra utan for mykje komplikasjonar. Det som er endå mindre komplisert, er kvardagslivet, familie og vener.
Moderniteten
Sidan 2016 har ein ikkje måtta sterilisera seg for å skifta kjønn juridisk. Kris har vore transmann sidan før dette, og det er vanskeleg å ikkje bli gripen når han fortel om korleis han på Rikshospitalet trygla om å ikkje få eggstokkane fjerna. For nokon verkar nok dette forvirrande – kvifor ikkje gå heile vegen om ein fyrst skal insistera på at ein er mann, ikkje kvinne?
For andre vekker det med sterilisering vonde tankar om ei tid då ein dreiv med det på mest diskriminerande vis. Om du tenkte at kjønnsinkongruens var eit moderne fenomen, så stemmer ikkje det. Men å gjera det til eit problem er derimot relativt moderne, om slutten av attenhundretalet kvalifiserer.
Fyrste transperson som tok korrigerande operasjon, var amerikanske Christine Jorgensen i 1952, og i norsk samanheng oppretta ein helsetilbod for «transseksuelle» tidleg på sekstitalet. Medisinen set knapt nokon sperrer lenger, også for korleis eit barn kjem til verda.
«3 menn får en baby»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.