Musikk
Palestrina på bachsk
Gutesopranane i Windsbacher Knabenchor i Thomaskyrkja.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
For katolikkane er 500-årsjubilanten Giovanni Pierluigi da Palestrina (1525–1594) like viktig som Bach er for protestantane. Messene og motettane hans blei tidleg – i den rette tydinga av ordet – klassiske. Bach nytta dei som mønstergyldige eksempel i komposisjonsundervisinga ved Thomasskulen, og framleis er «palestrinastilen» teoripensum ved konservatoria, også i Noreg.
Windsbacher Knabenchors Thomaskyrkje-konsert synte korleis Bach på to måtar transformerte Palestrinas katolske messer til protestantisk kyrkjemusikk: gjennom å modernisera den då alt mest 200 år gamle a cappella-musikken hans, og gjennom å komponera eigne kantatar i modernisert palestrinastil.
Døme på det fyrste var Palestrinas korverk Missa «Ecce sacerdos magnus» frå 1554, som Bach i 1740-åra forsterka med ymse blåseinstrument. På det andre tente Bach-kantaten Aus tiefer Not schrei ich zu Dir, BWV 38, som eksempel. I fyrstesatsen nyttar Bach her Luther-salmen som i Elias Blix’ attdikting heiter «Or djupsens naud eg ropa må», på liknande vis som Palestrina handsamar sine gregorianske koralar. Salmen, som blir sungen i lange notar av sopranane, dannar utgangspunkt for ein komplisert tonevev av snøggare motstemmer i alt, tenor og bass. Men – og det er det geniale – salmen blir slik på ingen måte utydeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.