JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Påkosta postapokalypse

Oppfylgjaren Peninsula er ein påtrengande aktuell og konvensjonell zombiefilm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gang Dong-won og Lee Jung-hyun i dei leiande rollene fungerer som vakre folk som kan slå frå seg.

Foto: Next Entertainment World

2491
20200807
2491
20200807

ACTION / SKREKKFILM

Regi: Yeon Sang-ho

Peninsula

Med: Gang Dong-won, Lee Jung-hyun
Kinofilm

Fire år etter katastrofen i suksessen Train to Busan ligg Sør-Korea audt. I dagsljos jaktar snøggfota zombiar på dei få usmitta som held stand på halvøya. Jung Suk (Gang) og eit par andre som nyttelaust ventar på flyktningstatus i Hongkong, tar eit risikabelt oppdrag. Dei skal snike seg tilbake til Inchon om natta etter millionar av dollar som er forlatne i ein lastebil, utan å bli bitne av hordane.

Bil for tog

Postapokalyptiske filmar kjennest i overkant relevante om dagen. Den første reaksjonen på pandemi er rasisme. Så skor lugubre profitørar seg på flyktningar. Premissen sit, men detaljar blir forklart vel mykje. Ein koseleg familie med Min Jung (Lee), to døtrer og ein koseleg bestefar representerer samhaldet og gode verdiar. Krigerske militsar kan vere ein verre trussel enn zombiar, og den frykta Tredjetroppen er ein bøling menn med klare islett av Mad Max, spesielt når dei kjem seg bak rattet.

Alle actionelementa er på plass, med kulehagl, nevekampar og biljakter. Bilane har heilt erstatta det kollektive toget der smitten spreidde seg i førre film. Omgjevnader og koreografi ber preg av profesjonelt handverk og god finansiering. At zombiane i dette universet er sjukeleg opptekne av ljos, gjer at det meste skjer om natta. I mørket har bluss og rakettar god effekt. Eg er svak for fargerike neonljos, til dømes i blinkande radiostyrte bilar som åte.

Strykande sal

Populære Gang Dong-won og Lee Jung-hyun i dei leiande rollene fungerer som vakre folk som kan slå frå seg. Ein heil del andre har ordre om å skjere store grimasar så ofte som det lèt seg gjere. Heldigvis forsvinn dei slette skodespelarane frå USA fort.

Strykarane trår til frå starten, og det er ikkje fritt for sakte film eller sterke kjensler. Filmen er ikkje utan logiske brestar, og zombiane er høflege nok til å vente om ein vil trekke ut ei tårevåt scene.

Som sist blir det ein del melodrama frå regissør Yeon Sang-ho. Med mykje pengar og planar om å selje stort på verdsbasis slår ein helst på stortromma. Nett no er det sikkert rett medisin for bransjen. Saknar du actionfilm på stort lerret, må du for alt i verda sjå vekk frå innvendingane over og sjå Peninsula på kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis