Musikk
På tvers
Haym var den fyrste dedikerte italienske tverrfløytekomponisten.
Den barokke tverrfløyta, som blei utvikla i Frankrike og blir kalla traversofløyte, var på 1700-talet eit symbol på det galante.
I barokken var italienarane seint ute med å bruka blåseinstrument i orkestera sine. Fram til byrjinga av 1700-talet var det fyrst og fremst strykeinstrument av fiolinfamilien som galt der i landet. Men etter kvart som franske instrumentbyggjarar utvikla meir moderne treblåseinstrument, og reisande hadde høyrt kor fine klangfargar dei tilførte strykeorkesteret, blei også barokktidas oboar, fagottar, blokkfløyter og tverrfløyter introduserte i Italia.
Særleg den barokke tverrfløyta, som er av tre og berre har éin klaff nedst, blei 1700-talets fremste moteinstrument. Slike såkalla traversofløyter var eit symbol på det galante: eit attributt for den opplyste, frankofile gentilhomme over heile Europa. Eit godt døme er den krigerske og kunstelskande kong Frederik II «den store» av Preussen, som var ein ivrig connoisseur av fransk poesi, fransk filosofi – og fransk fløytemusikk.
Händels librettist
Den fyrste italienaren som skreiv sonatar spesielt mynta på traversofløyte, var Nicola Francesco Haym (1678–1729). Dette skriv den italienske fløytisten Chiara Strabioli i omslagsheftet til albumet Flute Music, der ho spelar Hayms solosonatar og triosonatar med blokkfløyte og traversofløyte, akkompagnert av ensemblet Cappella Musicale Enrico Stuart.
Haym var ein allsidig herre, og svært internasjonal. Far hans var frå Bayern, han vart fødd i Roma, og sonatane hans for traversofløyte blei komponerte i London, men utgjevne i Amsterdam. Mest kjend (eller minst ukjend) er Haym som G.F. Händels librettist. Han skreiv eller la til rette songtekstane til mange kjende Händel-operaar, som Giulio Cesare, Ottone, Rodelinda og Teseo. Men han var òg cellist, agent for ymse operaselskap, forfattar av ein General History of Music i mange bind (no tapt) og ein anerkjend numismatikar, altså kjennar av gamle myntar.
Klassisist
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.