Bok

På sporet av …

I jakta på andre leiter Patrick Modiano etter seg sjølv.

Patrick Modiano debuterte i 1968 og har skrive 28 romanar og fleire filmmanus.
Patrick Modiano debuterte i 1968 og har skrive 28 romanar og fleire filmmanus.Patrick Modiano debuterte i 1968 og har skrive 28 romanar og fleire filmmanus.
Publisert

Roman

I den nyaste diktsamlinga si, Lysets ubetydelige feiltakelser, har Halvard Foynes eit dikt tileigna nobelprisvinnaren frå 2014, Patrick Modiano, der han ganske presist fangar inn det Modiano driv med i bok etter bok: «Å gjenskape glemte steder. De sporløse menneskenes nøytrale forteller (...) i tekster om mennesker som forsvant i Paris.»

Også i Usynlig blekk er det ei forsvinningssak som dannar ramma rundt søket etter ei ung kvinne, Noëlle Lefebvre, som ingen har sett på ei stund, og som ingen veit kor har tatt vegen.

Den unge Jean Eyben jobbar for privatdetektiven Hutte og får i oppdrag å finne henne, men spora er for få og utydelege til at han greier å løyse mysteriet. Men saka forfølgjer han, og 10, 20 og 30 år seinare leiter han framleis etter Noëlle ut frå den adresseboka ho etterlét seg, eit ID-kort med bilete, nokre brev og avisnotat pluss ei mappe med opplysningar som Hutte har samla.

Puslespel

Modiano tar lesaren med gjennom Paris frå den eine adressa til den andre via avenyar, bulevardar og gatenummer i ulike arrondissement, og etter kvart anar ein omrisset av noko som er der, samtidig som det er borte, slik draumar dukkar opp og forsvinn i «dette blaffet av nåtid som hadde klart å komme seg uskadd gjennom et halvt århundre».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement