Film
På pakketur
Det tradisjonsrike og preglause Syden er motiv for ei mengd filmar.
Tre tenåringsjenter reiser til Syden for å finne ut korleis det er å ha sex, i filmen til regissør Molly Manning Walker.
Foto: Mubi
I varme land verda over kjem folk på pakketurar for å nyte sol og sommar. Frå eit norsk perspektiv er rusrike turar til ulike land rundt Middelhavet prakteksempelet.
Nokre seinare eksempel frå Storbritannia er røyndomsflukt i Morvern Callar av Lynne Ramsay frå 2002 og barndomsminna i Aftersun av Charlotte Wells, som tok folk med storm på kino i fjor.
Synd i Syden
How To Have Sex av Molly Manning Walker går såleis inn i ein rik sydenfilmtradisjon. Filmen er ein stilig og tidsriktig film som fengjer. Tre britiske tenåringsvenninner er på charterferie i Hellas. Der skal det drikkast som om ein er fulle britar i Syden, som dei òg er. Ein heil del, altså.
Sex er sjølvsagt sentralt. Strålande Mia McKenna-Bruce spelar Tara, som har eit massivt mål: å få slutt på sin status som jomfru. Regissøren har sagt at ho har som mål å endre nett korleis vi har sex. Det gjer ikkje filmen til ein platt didaktisk pamflett. Langt, langt ifrå.
Her finn vi nyanserte figurar, spenning og nydeleg stil. Neonljos, supre kostyme og dårleg stil i rik mon løftar biletet av levande menneske ein kan kjenne igjen. Mange vil nok seie at skildringa er smertefullt kjend frå eigen ungdom. Temaet er heitt nok til at Tiff har ein eigen seksjon som har namn etter filmen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.