På jakt etter sanningaDet er driv over Jacobsens særs lesarvenlege framstilling.Roy JacobsenRigels øyne
Det er driv over Jacobsens særs lesarvenlege framstilling.
Roy Jacobsen
Rigels øyne
Cappelen Damm, 2017
Kva er løgn og kva er sanning? Kva for rykte skal ein tru på? Kven skal ein stole på når det gjeld forteljingane om det som har gått føre seg under krigen? For i det fyrste etterkrigsåret er det ikkje samhald, oppattbygging og tru på framtida som dominerer i det norske samfunnet. Iallfall er det ikkje slik i Rigels øyne, Roy Jacobsens nye roman, det tredje bandet i serien om folket frå Barrøy med den unge mora Ingrid Marie Barrøy som hovudperson.
Nei, det er mistenksamheit og forteiing som rår. Folk har slett ikkje alle vore heroiske under krigen, dei har tuska til seg det dei kunne, og tilpassa seg okkupantane og okkupasjonsforhold etter beste evne. Mange har løyndommar dei ikkje vil fram med, og vil ikkje at nokon skal gå dei etter i saumane.
Det er såleis eit sårt tiltrengt alternativt bilete av Noreg i det fyrste etterkrigsåret Jacobsen rissar opp. Men sjølvsagt finst det òg truverdige og ærlege menneske, og vi får òg glimt inn i det Noreg som skal reise seg frå ruinane, såleis frå Skorovas gruver i Nord-Trøndelag og den infrastrukturen som austeuropeiske krigsfangar stod bak langs den berykta Blodvegen, det som er vorte Nordlandsbanen langs E6 i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.