Bok
På heimebane
Levi Henriksen skriv nært om det han har kjært.
Levi Henriksen har skrive 25 bøker i ulike sjangrar.
Foto: Nils K. Johansen
For rundt 20 år sidan starta eg gjerne bokhausten med å melde Cappelens debutantantologi Signaler, og det var i Signaler 2000 at eg først merka meg Levi Henriksen med novella «Gud velsigne William C. Stoke». Når eg skummar gjennom denne debutnovella, ser eg fort at stilen, tematikken og språket var i kim frå starten av, og sjølv om Henriksen i ettertid har slipt og pussa og utvida horisonten, er han framleis der han starta og der han alltid har vore: i Kongsvinger, tre–fire mil frå svenskegrensa, ikkje så langt heimanfrå, nokså nær der han bur.
Sidan debuten for 20 år sidan har Levi Henriksen levert 25 bøker innanfor ulike sjangrar, men det er med romanar og noveller han har etablert seg som ein folkekjær forfattar. I tillegg til skrivinga driv han også i musikkbransjen som låtskrivar og songar saman med sambygdingen Thomas Mårud i bandet Babylon Badlands.
Skitenrealistisk
Handlinga i Henriksens bøker utspeler seg i den fiktive bygda Skogli nær Kongsvinger i eit skitenrealistisk miljø der bedehuset og bilen står sentralt, maskulint og sårbart på same tid. Her løftar han fram eit mangfaldig persongalleri av mannfolk som ikkje heilt meistrar eit A4-liv, men stadig ramlar utpå, snublar, fell og reiser seg igjen. Det handlar ofte om forholdet mellom fedrar og søner og folk utan teljekant på livet; det er learning by doing som gjeld, livets skole framfor det teoretiske og akademiske. Samtidig er det ein grunntone av melankoli, sorg og vemod og ein religiøs lengt etter noko uhandgripeleg som stammar frå Eben Ezer og møta der med song og tungetale.
Ulikt andre forfattarar som har vakse opp med bedehuset som næraste nabo, tar ikkje Levi Henriksen avstand frå det. For han er trua noko naturleg og inderleg som ligg der som trøyst og rettesnor, og i forfattarskapen hans har jula ein sentral plass, også i årets bok, i novellene «Snø skal falle» og «I min mors hus».
Bibelreferansar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.