Musikk
På eit hjørne i Crail
Har Bill Ryder-Jones laga ei av dei beste platene vi kjem til å høyre i 2024?
Måleriet på omslaget til den nye plata av Bill Ryder-Jones er laga av Dale Bissland.
Det er så taust, biletet som har fått pryde omslaget til den nye plata til Bill Ryder-Jones, frå den vesle skotske kystbyen Crail, der ein skugge fell over ein mennesketom gatestubb. Måleriet, laga av Dale Bissland, utgjer ei så perfekt innramming til Iechyd Da at det for denne lyttaren alt er uløyseleg knytt til musikken: Songane spelar seg ut i dette landskapet, som for meg er både ukjent og attkjenneleg.
Kanskje medverkar musikkvideoen til den første singelen frå utgivinga, «This Can’t Go On», som er filma i Crail og regissert av James Slater, til å styrkje denne tilknytinga. Skildringa av den eksistensielle krisa som tilhøyrer gryande ungdomstid, er enkel, slåande og vakker. Snutten er som skreddarsydd til teksten – han sirklar inn ei nattevandring som munnar ut i ei overveldande erkjenning av at situasjonen no er uhaldbar, av at status quo ikkje lenger er eit alternativ.
Elegant flettverk
Somme lesarar vil kjenne Ryder-Jones frå åra i bandet The Coral, som han forlét for femten år sidan, og frå solokarrieren som følgde, der han mellom anna har laga eit orkestralt lydspor til ein ikkje-eksisterande adaptasjon av ein roman av Italo Calvino (2011), og fleire album, seinast tvillingparet Yawn (2018) og Yawny Yawn (2019). Han har også fungert som produsent, mellom anna for Michael Head og The Red Elastic Band. For mange er A Bad Wind Blows in My Heart (2013) sjølve nøkkelalbumet, ei utgiving Ryder-Jones på fleire vis følgjer opp med årets plate.
Berre etter nokre sekund gjer eit sentralt aspekt ved Iechyd Da seg gjeldande: Musikken rommar eit elegant flettverk av velvalde referansar. Opningssporet, som skildrar eit forhold som er over, med Lou Reed-ske, matte pa-pa-pa, vert heimsøkt av eit minne om dagane saman med ekskjærasten, i form av ein sample – nokre sekund frå brasilianske Gal Costas «Baby» (1969) – som både fungerer som ein varm vind og eit kaldt gufs (sidan fortida berre kan verte fortid). Songen fortel om ei kjensle av å vere både for mykje og ikkje heilt nok for den andre. Ryder-Jones er god på å fange slike motsetnader.
Det finst mange ekko på Iechyd Da, men ingen av dei fungerer som staffasje. Dei tilfører alle på sin måte noko som etterpå kjennest umisteleg. «This Can’t Go On» gjer usannsynleg bruk av discostrykarar og får songens viljestyrke til å verke meir resolutt. Brian Wilson spøkjer både her og der, og det er ganske tøft når Ryder-Jones liksom hintar til «God Only Knows» i blåsearrangementet på «I Hold Something In My Hand».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.