Musikk

På brestepunktet

Storstova til Edvard Grieg på Troldhaugen.
Publisert Sist oppdatert

Lyse førsommarkveldar på Troldhaugen, med lukt av eirgrønt bøkelauv og fjerne båtlydar frå Nordåsvatnet: Ikkje noko får meg meir i festspelstemning. Intimkonsertane i Nina og Edvard Griegs villa frå 1885 er det mest minneverdige festivalen har å tilby, for nærare komponisten kjem me ikkje enn når me høyrer dei «lyriske stykka» framførte på hans eige instrument. Christian Ihle Hadland, ein av våre mest sympatiske pianistar, spelte her førre helg – to identiske konsertar, for stort meir enn eit halvt hundre publikummarar rommar ikkje komponiststova.

Programmet var variert, med alt frå elegant høgbarokk til patosfylt seinromantikk. Eg var spent på korleis eit såpass ueinsarta repertoar ville fungera på det gamle Steinway-flygelet frå 1892. Smått absurd, men artig, læt J.S. Bachs klaveromarbeiding av ein av Antonio Vivaldis (1678–1741) virtuose fiolinkonsertar. Finalesatsen «Allegro» er eit fyrverkeri av snøgge tonerepetisjonar, og her la Hadland opp til eit høgt tempo at eg frykta den tilårskomne flygelmekanikken ikkje ville takla det.

På Troldhaugen sit ein jo så kloss i instrumentet at alle «bilydar» høyrest – av fingrane som slår mot tangentane og hamrane som bankar på strengene. Vivaldi på denne måten var som å oppleva nokon råna med ein gamal og skranglete folkevognsbuss. I introduksjonen føreåt hadde pianisten sjølv vedgått galskapen i opplegget, men både han og Griegs flygel kom heilskinna ifrå det.

Programmet elles var meir instrumentvenleg. Den saftigaste flygelklangen baud russiske Nikolai Medtners (1880–1951) «Eventyrsonate» frå op. 21 på – ein tonerik «pianistmusikk» eg kan styra meg for, sjølv når han blir så truverdig tolka som her. Robert Schumanns (1810–1856) samling Gesänge der Frühe («Morgonsongar»), op. 133, komponert like før han kvarv bort i galskap og kasta seg i Rhinen (nokre fiskarar drog han opp), er underfundig musikk som høver Christian Ihle Hadlands temperament godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement