Kunst
På bølgelengd
Nasjonalmuseet har blitt ein god plass å vere for ei brei målgruppe.
Frå utstillinga «Jeg kaller det kunst», som fyller heile tredje etasje. Måleriet heilt til høgre er «Per Sandberg» av Marthe Karen Kampen.
Foto: Iwan Baan / Nasjonalmuseet
Det er snart er tjue år sidan Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet vart slått saman. Nasjonalmuseet viser at resultatet av samanslåinga har vorte meisterleg.
Bygningen er unik i verdssamanheng, det er særs sjeldan det vert bygd nye nasjonalmuseum. Det har vore mange forseinkingar, ein del uro og rivningar, men no kan alle åra med stengde dører gløymast. Utstillingane av kunst, arkitektur og design er fordelte utover den enorme bygningen i ein vel uttenkt heilskap, kvart tema servert i passelege munnfullar.
Vi forventar mykje av eit nytt nasjonalmuseum som kostar nærare 6 milliardar og har meir enn 400 tilsette. Det er godt gjort å levere betre enn forventa når forventingane allereie var skyhøge.
Pile o’Sápmi
Inngangspartiet er stort og mektig, samstundes innbydande og lunt. Det første vi møter, er det mektige verket «Pile o’Sápmi Supreme» (2017) av Máret Ánne Sara. Her er krania til fleire hundre panneskotne reinsdyr monterte saman til eit bildeteppe.
Krania med hòl i panna fortel om statleg tvangsslakting av rein. Det brutale verket er ein krass kritikk av norsk politikk som truar samisk kultur og levevis. I verket smeltar bodskap og estetikk meisterleg saman, og det er eit særs godt eksempel på kor sterk og nærverande kunsten kan vere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.