Musikk
Overtydande debut
Komponisten Krogstad overraskar stort.
Mona Krogstad har gjeve ut det første albumet i eige namn.
Foto: Anna Rogneby
Mona Krogstad debuterer med sju eigne komposisjonar og ein kvartett med kvalitet i alle lekkar. Krogstad har ein kunna høyra i ekspressiv utfalding på plata Young Star (2020) med bandet Juno eller på konsertscenen med Hedvig Mollestad, Heidi Skjerve og Starlight Big Band.
På Virgo Sun står komponisten, orkesterleiaren og tenorsaksofonisten Mona Krogstad i rampeljoset. Det skal seiast at ho deler rundhanda plassen med dei tre andre i bandet. Det beste ein kan seia om denne plata, er at ho er så gjennomført i forma, men likevel så raus med rom for improvisasjon.
Krogstad tenkjer form og heilskap, men i denne heilskapen skjer det leikande og intrikat samspel. I «Song for Solveig» får både Petersen og Narvesen mykje plass. Sistnemnde spelar eit trommekor som er sjeldan velstrukturert. Hegge er hovudperson i «Sailor Man» med ein kjenslevar intro og basslinjer som i stor grad pregar komposisjonen. Hegge har også eit lyrisk kor på tittellåten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.