Bok
Oslo mon amour
Toril Brekke skildrar jubel og angst hos ei ungjente.
Toril Brekke har så langt skrive to romanar om ungjenta Agathe.Toril Brekke har så langt skrive to romanar om ungjenta Agathe.
Foto: Tine PoppeFoto: Tine Poppe
Roman
«Han kan sine ting», blir det sagt om ein ung danske i Toril Brekkes siste roman. Det handlar om sex, noko som er eit sentralt tema gjennom heile den nye romanen om unge Agathe, no 16 år. Ikkje slik at det er mange detaljerte utleggingar om seksuell aktivitet, men som naturleg er i den alderen, kretsar mykje av tanke- og kjenslelivet til ungjenta rundt dette mysteriet – eit mysterium som både lokkar og skremmer, og som kan gi både gode og særs dårlege erfaringar.
Kobrahjerte er ein frittståande oppfølgjar av Alle elsket moren din, som kom i 2017. Ein får nok aller best utbyte av romanen om ein har lese den første boka og blitt kjend med bakgrunnen til Agathe, sjølv om litt av bakgrunnen for korleis familien hennar har enda opp i den litt utradisjonelle forma som han har, blir forklart undervegs.
Å kunne sine ting er òg dekkande for Toril Brekkes romankunst, med eit par atterhald.
Musikk og filosofi
Der teksten i den første boka om Agathe nokre gonger kunne bli vel oppstykka og abrupt i forma, og med lange sprang i tid og rom, er Kobrahjerte meir konsentrert. Her følgjer vi Agathe frå hausten ho skal byrje på Nissen gymnas og gjennom dette første skuleåret. Den uansvarlege mora som vi vart kjende med i den første boka, har no floge frå familien for godt. Att i Oslo er Agathe med veslebror og stefar. Agathe må vere omsorgsperson for broren og har blitt nokså bråmogen. Søskena er prega av saknet etter mora, naturleg nok, og humøret svingar. Det går betre når Agathe får kontakt med og hjelp frå gode vener – både nye og gamle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.