Bok

Oskeladden i Brussel

På min vakt er særs gjennomarbeidd og velskriven, men viktige tema er påfallande fråverande.
 

Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg og president Donald Trump før opningsseremonien til Nato-møtet i Watford i England 4. desember 2019.
Publisert Sist oppdatert

«Du er ikke laget for slike jobber», sa Thorvald Stoltenberg til sonen då han høyrde at han var aktuell som ny generalsekretær for Nato. Stoltenberg junior var ikkje blind for at faren kunne ha rett, men kunne ikkje seie nei. Barack Obama og Angela Merkel hadde bede han.

Så der la han ut på veg til Brussel. Med skreppa på ryggen. Trolla hadde rumla fælt, men Oskeladden lét seg ikkje overvelde, trass i alt faren hadde sagt. Og storverk vart det. Fram til han kunne ta skreppa på ryggen att og gje seg attende heimover.

Det får vere grenser for respektløyse, sjølv for ein bokmeldar, vil Dag og Tid-lesaren kunne innvende. Jens Stoltenberg har bak seg ei lengre tid som Nato-leiar enn nokon før han, og utfordringane var store. Å halde Nato saman mot Putin på den eine sida og Trump på den andre var ei oppgåve for titanar. Og han greidde det.

Den same

Alt dette er rett nok. Men ei bokmelding handlar faktisk om ei bok. Ei memoarbok er ikkje eit livsverk, men ei framstilling av det. Forfattaren – i dette høvet forfattarteamet – har valt sjanger og forteljemåte.

Eventyret om Oskeladden som kappåt med trollet, er ikkje langt unna, i så måte. Det er så norsk som det kan verte, og effektivt for å få fram ein viktig bodskap i boka: Hovudpersonen kjem attende frå oppdraget som den han var då han la ut. Ti år som ein av dei fremste leiarane i verda har ikkje gjort Stoltenberg til nokon annan person enn den idealistiske unge AUF-leiaren han var for mange år sidan. Sinnelaget er det same, no som den gongen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement