Bok
Oskekyss
Sigrídur Hagalín Björnsdóttirs katastroferoman er suggererande, om enn i overkant oppskriftsmessig.
Sigrídur Hagalín Björnsdóttir er forfattar, journalist og nyhendeanker frå Reykjavík.
Dei siste åra har katastrofefilmar vore populære, også i Noreg. Skjelvet og andre av same slag trekkjer mange menneske inn i kinosalane. Folk lèt seg gripe av forteljingar om destruktive naturfenomen med mytiske krefter og eigen vilje som trugar heile samfunn.
Ein kan sjå det som eit symptom på generell maktesløyse overfor klimaendringane. I staden for å ta tak i årsakene til flaumane og tørkeperiodane som for lengst skaper katastrofar rundt oss, gøymer vi oss i kinomørkeret for å betrakte høgdrama som passive tilskodarar.
Eldane er på mange måtar romanutgåva av ein katastrofefilm, følgjer oppskrifta på tropane i denne sjangeren, iblant litt for tett. Ofselege naturkrefter bryt laus og trugar hovudpersonen og familien hennar, samfunnet rundt – her heile nasjonen. På det indre, psykologiske planet bryt òg sterke, ukontrollerbare krefter laus og ristar menneska ut av sine vande banar.
Island med sine eldsprutande fjell, erupsjonar og skjelv er sjølvsagt den ideelle åstaden for ei slik soge: Landet som eigentleg ikkje er eit land, men «ei geografisk misforståing», som det står i boka.
Eldhjarte
Hovudperson og forteljar i boka er dotter av to ihuga akademikarar. Anna har gått i farens fotspor, blitt geolog og leiande vitskapskvinne innan vulkanologi. Privat lever ho òg i vellykka omstende med velståande mann og vakre barn i Reykjavík. Ho skildrar seg sjølv som arbeidsnarkoman og venelaus. Arbeidet og familien er alt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.