Bok

Originalt og viltert

Med Aktivasjon har Kristin Ribe levert sin beste roman så langt.

Kristin Ribe er ein av dei mest spennande forfattarane her til lands, meiner Oddmund Hagen.
Kristin Ribe er ein av dei mest spennande forfattarane her til lands, meiner Oddmund Hagen.
Publisert

Eg har følgt forfattarskapen til Kristin Ribe frå debuten i 2003, og heile vegen har eg opplevd henne som kompromisslaus og eksperimentell med tanke på språk og komposisjon. Dette har ført henne fram til ein posisjon som eit av dei mest spennande forfattarskapa her til lands. Når ho no er tilbake etter sju tause år, løftar eg glaset og skåler i det stille for ein roman som løftar forfattarskapet enda eit hakk.

Ho er kjend for å skrive vanskeleg, for å bore djupt i eksistensielle spørsmål, for å radbrekke syntaks og grammatikk, for å uttrykke ein dødslengt som alltid bikkar i livet sin favør, og ho skriv ope om dei psykiske plagene ho har hatt med sjølvskading og mange innleggingar. Alt dette er også til stades i årets bok, men no med ein frigjerande distanse som opnar for stor humor, vilter fantasi og ein oppfinnsam vri på alle slags konspirasjonsteoriar som florerer og har florert opp gjennom tidene.

Tvangsskriving

Det heile er fortalt gjennom Kristin, eller K. Ho er fattig forfattar, bur i Trondheim, slit med skrivesperre som blir kompensert med tvangsskriving, ti sider kvar dag, men eigentleg har ho bestemt seg for å slutte å skrive, etter at to personar som stod henne nær i ein behandlingssituasjon, brått er borte frå livet hennes.

Ho kjenner seg lamma, ho lever i kaos, er likesæl med alt rundt seg, einsam og utan kontaktflater, og for å skape ein slags samanheng og meining i tilværet, leitar ho etter reglar og strukturar, ho lager ordlister, utarbeider kodeteoriar, ho finn kodemeldingar rundt omkring, og ho får det for seg at det er utanomjordiske vesen, eller aliens, som tar kontakt, også gjennom ein vedvarande øyresus.

Ho trekker opp dei lange linene tilbake til pyramidane i Egypt, til mayakulturen, til Påskeøya og til eldgamle religiøse mytar om kontakt mellom menneske og himmelvesen. Alt blir relatert til vatn, «VÆRENDE VANN i kombinasjon med ORD». Slik skal K fri seg frå det passive og tre inn i ein aktivasjon gjennom «Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement