Orgie for sjakkelskararEi reise gjennom «kongerekka» i sjakkhistoria er skriven av dei to mest kompetente historieforteljarane i norsk sjakk.
Ei reise gjennom «kongerekka» i sjakkhistoria er skriven av dei to mest kompetente historieforteljarane i norsk sjakk.
Bobby Fisher fotografert i New York i 1962.
Foto: John Lent / AP / NTB scanpix
Det vert fortalt ei historie om Garri Kasparov og den eldre rivalen hans Anatolij Karpov. Dei to hata kvarandre og var så ulike som to menneske kan vere. Tru meg, eg har møtt begge: Den eine karismatisk, vill og eigenrådig. Den andre ein stille mann som innordna seg. Etter eit viktig sjakkparti vart dei likevel sittande å snakke saman – analysere partiet, utveksle idear – som om dei var vel forlikte. Etterpå spurde ein tilskodar Kasparov kvifor han snakka så vennleg med Karpov. «Han er den einaste som forstår», skal Kasparov ha svara.
Så einsamt det må vere å vere eit geni. Å forstå meir enn alle andre. Det same har eg liksom skimta hos Magnus Carlsen. Ei kjensle av å ikkje vere del av det heile, av einsemd, fordi ein forstår litt meir enn alle andre. Ser litt lenger, trenger litt djupare ned.
Genialitet
På sitt beste klarer Atle Grønn og Hans Olav Lahlum å formidle dette på ein framifrå måte i Sjakkgeniene. Boka er ein gjennomgang av alle verdsmeistrane i sjakk fram til vår eigen Magnus Carlsen. Ho er så herleg tjukk som vi sjakkelskarar vil ha henne, full av detaljar om livet og sjakkpartia til den enkelte. Alle vert behandla respektfullt, men samstundes kledde av.
Eg ser for meg den eminente cubanaren Capablanca. Intuitivt genial, men så god at han syntest sjakk i tradisjonell form vart for enkelt – medan han enno var meister. Bohemen Tal, lunefull ved brettet – og av brettet. Den djupt tragiske historia om Bobby Fischer er fortalt med sympati, men ikkje nostalgi. Kva har dei til felles? Jo, genialiteten. Genialiteten løftar dei fram, ut av den grå massen og heilt fram til sjakkspelets «kongerekke». Men for mange sin del har han ei mørk bakside som også skal prege livet deira.
Treffer forfattarane så den mindre sjakkinteresserte delen av publikummet? Målet er nemleg å nå «alle med en snev av interesse for sjakk, historie og mennesker». Eg er i tvil, rett og slett. Kanskje er eg ikkje den rette til å dømme heller, notorisk sjakkinteressert som eg er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.