Ord skaper folkBarnebokAtle Hansen: Klure Samlaget KlureSlik er det også i denne boka. Jens har omsorgsfulle foreldre, gode vener og grei lærar. Heime har dei gjeve han det nærast kjærlege tilnamnet Klure.

Publisert

Klure er den siste i ei lang rekkje lettlesne forteljingar for yngre ungdom av Atle Hansen. Dei fylgjer ein mal som gjev dei eit nostalgisk, nesten gamaldags preg.

Slik er det også i denne boka. Jens har omsorgsfulle foreldre, gode vener og grei lærar. Heime har dei gjeve han det nærast kjærlege tilnamnet Klure. Klure betyr kløne, eller som far forklarer: «Ein som ikkje får til noko med hendene.»

For Jens er det ikkje så godt å vere denne kluren.

Å forme sjølvbilde og identitet etter forventningar kring seg er ei sårbar øving. Treng det vere slik? Boka har ei viktig melding til lesaren: Det er ditt privilegium å setje merkelapp på deg sjølv.

Atle Hansen skjer språket til beinet. Han lèt Jens fortelje, men det er ikkje langt mellom replikkar og ordvekslingar frå eit i overkant stort persongalleri. Dei korte og gjennomarbeidde setningane skaper rytme og framdrift, men skildringane er så få og knappe at eg ikkje greier å sjå scenene for meg. Ikkje alle karakterane heller.

Eitt sterkt og poetisk bilde sit att: Eg ser dei svarte vengjene frå kråkene i magen til Jens sprengje seg veg ut gjennom T-skjorta når han er redd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement