Musikk
Optimal kjemi
Operaorkesteret har sjeldan spelt Mozart så bra som under Alessandrini.
I 2009 gav Operaorkesteret ut eit utmerkt album med Mozarts operaouverturar.
Foto: Jorg Wiesner
Eg er mellom dei som føretrekkjer å høyra musikk frå eldre epokar bli framført på «originalinstrument», altså kopiar av instrument frå tida musikken blei til i. Når det gjeld renessansemusikk, er det heilt avgjerande. Også i barokk orkestermusikk skal det, når ein nyttar moderne instrument, godt gjerast å få til den transparente klangen og kvikke artikulasjonen som kjenneteiknar barokkinstrument.
I wienerklassisk musikk, derimot (verk frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet), kan ei historisk korrekt tolking langt på veg kompensera for bruken av «ukorrekt» instrumentarium: Er dirigenten god nok og orkestermusikarane fleksible nok til å imitera den historiske klangen – med vibratofattige strykarar og smidig artikulasjon i treblåsarane – kan det låta utmerkt. Trass alt er det ikkje instrumenta, men musikarane som får musikken til å klinga.
Dramatisk
Eit godt døme på kor godt wienerklassikarar kan låta når dei blir framførte med moderne symfoniorkester, er albumet som Operaorkesteret i 2009 gav ut med Wolfgang Amadeus Mozarts (1756–1791) operaouverturar. Dirigenten var Rinaldo Alessandrini, ein italiensk cembalist og barokkekspert som Den Norske Opera & Ballett hadde eit fruktbart samarbeid med i oppsetjingar av mange Händel- og Mozart-operaar.
Kjemien mellom dirigent og instrumentalistar må ha vore optimal. Ikkje berre verkar det som om orkesteret klarer å realisera alle dei speletekniske intensjonane til Alessandrini. Det greier òg å få fram dramatikken i det reint instrumentale som eg kjenner frå Alessandrinis innspelingar med italiensk barokkmusikk, der han dirigerer sitt eige tidlegmusikkensemble, Concerto Italiano.
Klangregi
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.