OppturenMari Kjos skildrar det underskot med stort overskot. RomanMari Kjos :En uke i Glenn Johansens liv
Mari Kjos Hellum skildrar det ultimate underskot med stort overskot.
Mari Kjos Hellum er litteraturvitar og har skrive sin første roman.
Foto: Paal Audestad
Når vi møter Glenn Johansen på første side, er han i ferd med å ta livet sitt, men mislukkast. Sidan ser det ut til berre å gå nedover. Kona har gått frå han, kollegaene hans i aluminiumsfirmaet er fjottar og dritsekkar, naboen er innpåsliten, og sjølv vil han helst vere i fred for alt og alle. Han er ikkje berre utilpass i sosiale samanhengar, han er udugeleg. Han ser på fuglar og biller og tre rundt seg og skjønar ikkje korleis dei greier det, alt saman. Dei er så flinke til å gjere fugle-, bille- og treting.
Når han møter kona og den nye sambuaren hennar på butikken, heiter det: «Hun hadde en nydelig hodeskalle, tenkte Glenn, han hadde helt glemt hvor pen hun var. Han så på ansiktet hennes, som han kjente aller best i alvorlig og gjerne sammenbitt tilstand, men som nå var smilende og strålende.» Stort verre blir det vel ikkje.
Einstøing blir seg sjølv
Eg tenkte at det var då lite originalt å late ein fortapt mann vere så mislukka at han ikkje eingong greier å ta sitt eige liv. Men etter kvart blir det klart at En begivenhetsrik uke i Glenn Johansens liv ikkje er så opptatt av å vere original, men å vise fram kor lite originale vi menneske er i samrøre med kvarandre. På arbeidsplassen og i nabolaget snakkar vi om vêret, om museinvasjon på hytta og kor vi skal reise på ferie i sommar.
Sjølv om Glenn Johansen er ein einstøing som stort sett er opptatt av andre verdskrigen og les bøker og ser filmar om den, er det han vi får sympati med, jo meir alle desse fjottane lirer av seg av inkjeseiande ting og halvsanningar som skal få dei til å framstå som betre. Smått om senn skjer det ting på utsida og innsida av Glenn som gjer at han får sympati med seg sjølv også, og gjennomgår ei endring til det betre. Han orsakar ikkje kven han er, og byrjar å seie ifrå til omverda om ting han reagerer på.
Forteljing med driv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.