Bok
Opprivande godt
Debutant Ida Fjeldbraaten får lesaren til å kjenne seg som ein mikrobølgeomn.
Ida Fjeldbraaten er romandebutant.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Vi har alle våre skavankar. Nokre har ein klump på foten, andre er ein klamp om foten. I Ida Fjeldbraatens debutroman Jerv møter vi ein ung, kvinneleg hovudperson som bur på institusjon. Ho er relativt oppegåande. Ho er i stand til å ha ein vaskejobb i den nærliggande dyrehagen. Men ho klarer ikkje riktig alt sjølv, som vi skjønar av verdsbildet hennar, måten ho omtalar omsorgspersonar og andre bebuarar på. Det er noko naivt og uprøvd over henne, avgrensa. Samstundes kjem det fram at det er gode grunnar til at ho ikkje inngår heilt uregulert i samfunnet – ho kan bite frå seg og må av og til leggast i bakken.
Jerv og menneske
Når vi møter hovudpersonen, er det ingen rundt henne, verken på institusjonen eller i dyrehagen. Ho omtalar det sosiale livet sitt som noko som plar skje, men som av ein eller annan grunn ikkje skjer i dag. Sakte, men sikkert går det opp for lesaren, og hovudpersonen, at noko må ha hendt. Menneska må ha flykta frå noko, og ho er igjen. Dyrehagen skjønar vi frå før har hatt dårleg økonomi, han forfell materielt og dyra lid, men når ho kjem dit denne dagen, er forfallet langt meir urovekkande.
Jerven blir ein parallellfigur til hovudpersonen, særleg han som blir kalla Fillefransen, som går rundt med ein klump på foten som verker, lek puss og aldri blir bra. Hovudpersonen identifiserer seg med jerven; dei kan begge bite frå seg, men har òg behov for omsorg, noko dei ikkje alltid får. Den unge kvinna kjenner seg ofte misforstått – som ei byrde for resten av verda. Det er som om dei begge i kvar sin fangenskap blir tvinga til livsmottoet: «Alt gjør egentlig vondt, men er man bare svakt borti det vonde kan man tro det er en slags kiling.»
Talande undertekst
Den vesle romanen på 128 sider rommar så mykje biting, blod og kroppsvæskar at ein kan bli reint uvel. Men dei er markørar som høyrer med i ein ikkje berre ytre apokalyptisk forteljing, men ein indre: Kva skjer når vi krakelerer innanfrå? Kva skjer når menneske og dyr begynner å oppføre seg likt fordi situasjonen krev det? Kva er det å vere sivilisert? Av alle ting vekslar synsvinkelen mellom hovudpersonen og jerven: Jerven får òg reflektere over sitt eige liv. Det er eit tankevekkande grep.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.