Film
Om mus og algoritmen
Drømmemannen svingar seg elegant og humoristisk mellom fantasi og filosofi.
Forskaren Alma (Maren Eggert) blir med i eit eksperiment der ho skal leve med den humanoide roboten Tom (Dan Stevens).
Foto: Christine Fenzl / Arthaus
For å finansiera forskinga si går Alma (Eggert) med på å hjelpa til med ei anna forsking: Oppdraget er å leva tre veker med ein nøye programmert humanoid robot for å sjå om han kan verta draumemannen. Men Tom (Stevens) er ikkje som robotar flest. Eller er kanskje ikkje robotar som robotar flest?
I’m your man
På same måte som forfattar Kurt Vonnegut er eit klart unntak for meg som ikkje likar science fiction-bøker, så finst det også heiderlege «realistiske» filmar i same sjanger.
Spike Jonzes Her (2013) har fleire felles kryssingspunkt med Drømmemannen – ein kan faktisk sjå for seg at kunstig intelligens på eit tidspunkt vil konkurrera med menneskelege interaksjonar. Men kan han erstatta dei til sjuande og sist?
Originaltittelen Ich bin dein Mensch (Eg er mennesket ditt) rommar langt meir enn det platte Drømmemannen: Alma er ei komplisert, samansett, moderne kvinne som finn det nærast fornærmande at Tom, med sine algoritmar baserte på 17 millionar mindfiles frå tyske kvinner, meinar han skal kunna forstå kva lengslar og behov ho har. Enkelte utspel er latterlege, men så er heldigvis dette ein komedie, så det er heilt på sin plass.
Eksistans
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.